Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 20. til Laurdag 28. februar

Olje- og energiminister Tord Lien følgjer kongeparet på deira første statsbesøk til Australia. Australia er eit dei raskast voksande petroleumsretta offshoremarknader, og eit av hovudformåla med reisa er å fremme norske økonomiske og næringspolitiske interesser.

Utdrag frå programmet:

Måndag 23. februar

Den norske delegasjonen har møtar med mellom anna Australias statsminister Tony Abbot, industriminister Ian Macfarlane og handels- og investeringsminister Andrew Robb i Canberra.

Torsdag 26. februar

Grunnsteinsnedlegging på den Stavangerbaserte bedrifta OTS sitt nye anlegg i Perth.

Fredag 27. februar

Statsråden vitjar rederiet Wilhelmsens skip MV Tugela og deltek på eit næringslivsseminar om olje og gass i Perth.

For ytterligare informasjon, kontakt Olje- og energidepartementets pressevakt, tlf 415 73 500 / info@oed.dep.no.


Utdrag for statssekretær Kåre Fostervold sin kalender for veke 9

Tysdag 24. februar

Statssekretær Kåre Fostervold held innlegg på Climit-dagene på Soria Moria i Oslo. Meir informasjon om Climit-dagene her.

Pressekontakt for statssekretær Fostervold er kommunikasjonsrådgjevar Lise Rist, tlf 918 01 119.