Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 21

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 24. mai

Olje- og energiministeren er i Stavanger.

Kl. 09.00: Olje- og energiministeren er til stades på Oljedirektoratets jubileumskonferanse, i samband med at direktoratet fyller 50 år i 2022. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Atlantic Hotel i Stavanger.

Kl. 13.15: Olje- og energiministeren besøkjer NorSea-basen i Tanganger. Stad: Risavika Havnering, NorSea Bygg 100.

Kl. 14.15: Olje- og energiministeren besøkjer Halliburton i Tananger. Adresse: Eldfiskvegen 1.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

Onsdag 25. mai

Kl. 11.30: Olje- og energiministeren er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Kl. 16.30: Olje- og energiministeren er til stades på markeringa av det store flaumsikringsprosjektet i Brandbu i Gran kommune på Hadeland. Sentrum av Brandbu har fleire gongar vore utsett for flaum, og Noregs vassdrags- og energidirektorat har dei siste to åra hatt ansvaret for eit omfattande prosjekt for å sikre sentrum mot nye flaumar.

Adresse: Torget 2 , 2760 Brandbu. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tore Sandnes Becker, telefon 40 49 79 16, e-post Tore-Sandnes.Becker@oed.dep.no.