Historisk arkiv

Tilretteleggingsmidlar til næringsutvikling og kompetanseheving i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Organisasjonar og institusjonar kan no søkje Landbruksdirektoratet om tilskot til nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om auka verdiskaping i landbruket. Døme på slike tiltak kan vere prosjekt innan rekruttering , mobilisering, kunnskapsutvikling (kartleggingar og liknande), omdømmebygging, utvikling av kompetansetilbod eller andre kompetansehevande tiltak.

Tilskotsordninga  blei oppretta i forbindelse med jordbruksoppgjeret i 2019. For 2020 er det om lag 6 millionar kroner til disposisjon for nye prosjekt med oppstart i 2020.

Søknadsfristen er  1. juni.

Gård i nypløyd åkerlandskap.
Organisasjonar og institusjonar kan no søkje om tilskot til nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om auka verdiskaping i landbruket. Foto: Torbjørn Tandberg