Søk om støtte til friluftsaktivitetar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 15.04.2019
– Har du framlegg til eit tiltak eller ein aktivitet som får fleire folk ut i norsk natur? Då oppfordrar eg deg til å søke om støtte hjå Statskog. Friluftsliv gir betre livskvalitet og folkehelse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Statskogmillionen er ei nasjonal støtteordning med små og mange støttebeløp som blir delt ut over heile landet, med ei samla utbetaling årleg på ein million kroner. I løpet av eit år får 150 tiltak og aktivitetar i heile Noreg støtte frå Statskog.
Slik søker du:
- Alle organisasjonar kan søke om støtte.
- Du kan søke om middel to gangar i året; i april og i august.
- Søknad på middel i ordninga må skje gjennom eit skjema som du finn hjå Statskog.
- Søk helst før du startar - Statskog støttar ikkje aktivitetar som er avslutta.
- Du må kunne dokumentere faktiske utgifter på minst kr 5 000 for å bli vurdert i ordninga.
- Søknaden din kan gje deg kr 5 000 eller kr 10 000 i støtte.
- Jo meir friluftsliv og folkehelse du får ut av pengane, jo større er moglegheita for å få støtte.
Kva er Statskog?
- Statskog er Noreg sin største grunneigar, og er eit statsforetak. Staten sin grunn ein femtedel av fastlands-Noreg.
- Som forvaltar skal Statskog SF sikre fellesskapet sine verdiar.
- Statskog skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedomar og ressursane.
- Statskog skal drive eit aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser.
- Statsforetaksformen er valt fordi Statskog skal bli drivne etter bedriftsøkonomiske prinsipp, men er samstundes pålagt å løyse andre samfunns- og sektorpolitiske målsettingar på oppdrag frå eigar. Staten er 100 prosent eigar av Statskog SF.