Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Vil ha enklare kontroll i byggjeprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ordninga med uavhengig kontroll av byggjetiltak blir sett i verk 1. januar 2013. No gjer regjeringa framlegg om ytterlegare forenklingar i kontrollreglane.

Ordninga med uavhengig kontroll av byggjetiltak blir sett i verk 1. januar 2013. No gjer regjeringa framlegg om ytterlegare forenklingar i kontrollreglane.

- Vi må sikre at det er på plass nok kontrollføretak til å føre ein forsvarleg kontroll i alle delar av landet. Difor vil vi forenkle prosessen for godkjenning av desse føretaka. Dette gjer vi for å vere viss på at det er ei trygg og robust ordning som blir sett i verk frå årsskiftet, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

Mellom anna skal føretak som har sentral godkjenning sleppe førehandskontrollen ved lokal godkjenning. Kommunane skal i ein overgangsperiode på eit år ha høve til å gje unntak frå kravet om kontroll under visse føresetnader. Alle delar av byggjenæringa har vore med i prosessen for å finne dei nye forenklingstiltaka.

- Reglane skal gje rom for fleksibilitet slik at byggjeprosjekt ikkje stansar opp og gjev eigar og samfunnet økonomiske ekstrakostnader, seier Sandbakken.

 

 

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen