Den finske utanriksministeren til Oslo mandag 7. september

Utanriksminister Børge Brende møter mandag 7. september sin nye finske kollega Timo Soini i Oslo. Tema for møtet vil vere norsk-finske forbindelsar, inkludert samarbeid i nord, og aktuelle utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål.

Den finske utanriksministeren skal også møte utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget.

Utanriksministermøtet finn stad i form av ein arbeidsmiddag i Parkveien 45. Dei to ministrane vil vere tilgjengeleg for journalistar kl. 17. Presse som ønskjer å dekke møtet, må melde seg på til media@mfa.no innan mandag kl. 12.

Oppmøte seinast kl. 16.45 i Riddervoldsgate 2.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, 976 71 250.