Historisk arkiv

VM i sushi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

I dag startar verdsmeisterskapet i sushi. I det næraste halvåret skal sushikokkar i 15 land konkurrere i The Global Sushi Challenge. I november samlast dei beste til finale i Japan.

Sushidemonstrasjon av japansk mesterkokk
Sushidemonstrasjon ved administrerende direktør for World Sushi Skills Institute, Hirotoshi Ogawa

- Det er få nasjonar i verda der det blir ete så mykje sjømat som i Noreg og Japan. Og vi har samarbeidd godt i mange år. I 1985 reiste ein norsk delegasjon til Japan for å sjå om dei kunne finne nye eksportområde for norsk sjømat. I bagasjen hadde dei med seg fersk laks. Sidan då har japansk sushi og norsk laks blitt ein verdsfavoritt, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Etter at norsk laks vart introdusert for japanske kokkar for 30 år sidan har råvarene spelt ei stor rolle i den globale veksten og utbreiinga av sushi. Berre i Noreg har veksten vore på mellom 20 og 30 prosent dei seinare åra.

- Landet vårt er den største produsenten av laks i verda. Vår sjømatsuksess er eit resultat av streng regulering, og eit godt samarbeid mellom sjømatnæringa, forskingsinstitusjonar og styresmaktene. Men utan kunnskap om marknaden og inspirasjonen frå japansk mattradisjon er det slett ikkje sikkert at folk verda rundt hadde ete så mykje rå laks frå Noreg, seier Aspaker. 

The Global Sushi Challenge er eit samarbeid mellom Noregs sjømatråd og World Sushi Skills Institute i Japan, som er det fremste kompetansemiljøet for sushi i verda. Verdsmeisterskapet har som mål å auke interessa for sushitradisjonen og å utdanne nye sushikokkar verda over.