Tilskudd fra Samferdselsdepartementet

Oversikt over utlyste tilskuddsmidler - blant annet til frivillige organisasjoner.

Utlysning av tilskot til lokale tiltak for trafikktryggleik

Samferdselsdepartementets ordning for tilskot til lokale trafikktryggleikstiltak skal bidra til å styrkje arbeidet med trafikktryggleik som er sett i gang av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre lokale aktørar.

For 2017 er det sett av 8 millionar kroner til ordninga. 

Vi tek imot søknadar om tilskot til for eksempel kampanjar, informasjonstiltak og haldningsskapande arbeid retta mot trafikantar, og søknadar om tilskot til tiltak på vegnettet, inkludert fysiske tiltak utover ansvarsområda til kommunane.

Når vi vurderer søknadane legg vi vekt på at tiltaket skal bidra til det nasjonale målet om reduksjon av talet på drepne og hardt skadde i trafikken, og korleis tiltaket samsvarar med dei overordna nasjonale satsingsområda innan trafikktryggleik.

Vi legg også vekt på at den som søkjer har kunnskap om lokale tilhøve og behov, og at søkjer har god forståing av kva for målgrupper og/eller ulykkestypar tiltaket rettar seg mot. Det vil bli lagt vekt på om prosjektet er basert på samordna innsats frå fleire aktørar.  Tiltak som gjeld barn og unge vil bli prioritert, samd prosjekt som stimulerar til stor grad av eigenaktivitet (frivillig arbeid).Tilskotsordninga er i utgangspunktet ikkje meint til å finansiere tiltak knytt til lønnskostnader, ordinær drift og administrasjon.

Søknaden skal som eit minstekrav gje opplysningar om:

  • Mål for det lokale prosjektet, inkludert kva for lokale utfordringar og målgrupper tiltaket er retta mot
  • Kva resultat søkjaren forventar at prosjektet vil få
  • Framdriftsplan
  • Finansieringsplan der det går fram kva tilskotet skal dekkje, samt spesifisert bidrag frå eventuelle andre aktørar

Tilskotsordninga er ikkje rettsbasert. Søkjer har ikkje krav på tilskot sjølv om alle vilkår er oppfylt.

Tilskot skal som ein hovudregel nyttast i 2017.

Søknader vert handsama først etter utløp av søknadsfristen. Siste frist for å søkje for 2017 er 1. mai.

Søknaden skal sendes til Samferdselsdepartementet

Prosjektstøtte til historiske jernbaneformål

Jernbaneverket ved Norsk Jernbanemuseum kan hvert år dele ut et beløp til støtte for museumsrelaterte prosjekter innenfor jernbanesektoren i Norge. Formålet er å støtte museale og antikvariske tiltak innenfor jernbanesektoren og inspirere til frivillig innsats for bevaring av materielle og immaterielle kulturminner i jernbanen. Støtte til vanlig museumsdrift eller vedlikehold gis ikke. Søknadsfristen for påfølgende år er 15. november.

Statutter og søknadsskjema - her

Tilskot til kulturminne og kulturvern innan jernbanesektoren

Tilskotsordningar under Bane NOR omfattar tilskot til arbeid med forvaltningsplanar og vedlikehald av anleggsminne og istandsetjing og vedlikehald av museumsbanene. Tilskot blir også gitt til museumsbaner som Bane NOR ikkje eig. Merk: Tilskot kan berre tildelast frivillige eller profesjonelle verksemder som forvaltar kulturminne omfatta av Landsverneplanen for jernbanens kulturminner.

Meir informasjon