Historisk arkiv

Med blanke ark og fargestifter til

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Med blanke ark og fargestifter til

Læring for livet, Oslo, 7. april 1999

Kjære forsamling !

Først vil eg få takka for invitasjonen.

Eg er glad for å kunne snakka til ei forsamling som har sin kvardag i barnehagesektoren. Eg har stor respekt for det arbeidet som de og andre tilsette utfører for å utvikla barnehagane kvalitativt og kvantitativt. Vi treng kompetansen dykkar, ikkje minst i ei tid som krev vilje og evne til omstilling og nytenking.

Denne konferansen heiter “Læring for livet”. Framtidas barnehagar skal setjast på dagsorden. Det synest eg er eit spennande perspektiv. Vi treng å løfta blikket på veg inn i eit nytt årtusen og gradvis flytta fokus frå utbygging til innhald og kvalitet. Det er framleis behov for fleire plassar, men i eit litt lengre perspektiv vil det først og fremst handla om kva slags barnehagar born og foreldre treng, og kva barnehagen har å seia for borna.

Norsk Lærerlag ønskjer en diskusjon om barnehagen sin plass i høve til utdanningssamfunnet. Det er eit sentralt spørsmål som eg har lyst til å knyta nokre synspunkt til.

Det er lett å bli einige om at “Læring for livet” kan vera ei samlande nemning for den utviklinga eit menneske har i gjennom eit langt liv. Born utviklar seg frå første stund - og lærer og erfarer noko heile tida. Småbarnsåra har vore grunnleggjande for kvar enkelt av oss. Det blir òg stilt større krav til våre sosiale evner. Og som eg tidlegare har nemnt, legg eg stor vekt på at born tidleg får høve til å utvikla sine basis-kvalifikasjonar. Utvikling av språk og evne til kommunikasjon er også sentralt i småbarnsåra. Barnehagen er sentral i ei slik form for læring.

Skal barnehagar vera ein del av utdanningssamfunnet?

Eg kan svara ja på spørsmålet, dersom vi med utdanningssamfunnet meiner “Læring for livet” slik eg her har gjort greie for. Det er opplagt at kunnskap og erfaringar, saman med mange andre faktorar, er avgjerande for korleis kvar og ein greier seg i utdanningssamfunnet. Born må få sjansen til å få eit positivt sjølvbilete der dei får utvikla identitet og sjølvstende i samspel med andre. Det er ei slik læring eller kvalifisering eg vil leggja vekt på i førskulealder.

Eg vil svara nei på spørsmålet om barnehagar skal vera ein del av utdanningssamfunnet - dersom vi meiner at barnehagar skal leggja opp til systematiske førebuingar til skulekvardagen, slik det i si tid blei gjort for 6-åringane. Eg var imot grunnskulereforma - og ønskjer ikkje at barnehagar skal bli ein del av eit utdanningssystem som gjer det aktuelt å gjera 5-åringane til ei ny målgruppe for grunnskulen.

Det kan vera fruktbart å diskutera kva vi legg i dei ulike omgrepa i denne diskusjonen - og ikkje minst kva konsekvensane blir om vi ser barnehagar som ein del av utdanningssystemet eller utdanningssamfunnet. For min del er det meir naturleg å snakka om barnehagen sin plass i utdanningssamfunnet enn barnehagens plass i utdanningssystemet. Det siste fører tankane inn i den organiserte skulekvardagen.

Eit godt barnehagetilbod dekkjer fleire ulike behov. Historisk har det vore eit tilbod for dei få - ei meir sosialpolitisk grunngjeving for barnehagar.

På 70- og 80-talet er det familie- og likestillingspolitiske grunngjevingar som har rådd grunnen. Barnehagar var, og er framleis, nødvendige for å leggja til rette for yrkesaktivitet hjå foreldra, og ut frå eit likestillingsperspektiv: å sikra kvinner reelle sjansar i arbeidslivet. Og stadig fleire har sett at eit godt utbygd barnehagetilbod er ein fordel i næringspolitikken - både i privat og offentleg sektor. Mange bedrifter og kommunar vil rett og slett ikkje få den arbeidskrafta dei treng utan å kunne tilby barnehageplass. Barnehagar ut frå born sine eigne behov har alltid vore ein realitet i den daglege verksemda i kvar enkelt barnehage. Men som grunngjeving for ein aktiv barnehagepolitikk, har andre forhold som eg har nemnd, hatt ein meir sentral eller synleg plass.

Eg trur iallfall vi kan vera einige om at omsynet til barnet sjølv må vera ei sentral grunngjeving for ein aktiv barnehagepolitikk.

Regjeringa har lagt til grunn at det skal vera eit offentleg ansvar å skaffa eit barnehagetilbod til alle som ønskjer det. Tilbodet skal vera for alle born uavhengig av alder, foreldra sin yrkessituasjon eller andre tilhøve.

Vi kan spørja spørja kvifor det offentlege skal bruka så mykje pengar på barnehagar? Kva er det vi vil oppnå ?

Eg vil leggja vekt på dette:

  • Alle born og foreldre skal ha høve til å dra nytte av barnehagen som utviklings- og læremiljø i tillegg til det heimen sjølv kan yta.
  • Familiane skal ha full valfridom mellom barnehageplass og andre uformelle tilsynsordningar.
  • Born med innvandrarbakgrunn skal få hjelp til gradvis å veksa seg inn i det norske samfunnet, læra språket, bli kjende med nærmiljøet og få vener og omgangskrets blant andre born og vaksne.
  • Born med funksjonshemmingar får eit relevant tilbod dei kan ha nytte av.
  • Born i risikofamiliar og foreldra deira får støtte og oppfølging i barnehagen som eit godt hjelpetiltak.

Norsk Lærarlag har gitt meg “blanke ark og fargestifter til!”.

Det er ein god og framtidsretta tittel, og eg skal etter beste evne følgja opp med mine tankar om framtidas barnehagar.

Eg skal likevel vera ærleg å seia at eg nynna litt vidare på visa til Prøysen, og såg at nokre kanskje vil leggja ei litt anna grunngjeving for denne overskrifta.

Men la det vera sagt med ein gong - eg har ikkje tenkt å bruka fargestiftane til å “rette opp att æille feil i frå i går” sjølv om eg veit at det er mange i denne forsamlinga som nok meiner at det kan vera eit behov for det - med noko ulik grunngjeving.

Eg vil derimot gripa fatt i nokre av dei oppfatningane eg stadig møter om min og regjeringa sin barnehagepolitikk, og nytta høvet til å seia kva eg faktisk meiner. Det er mitt håp at konferansen kan bidra til å få fram det vi har felles i synet på barnehagar, og at det vi er usamde om kan vera fruktbare meiningsforskjellar.

Familien er den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet. Foreldra sitt ansvar for omsorg og oppseding, og den rett borna har til å få omsorg frå foreldra sine, er nedfelt i både norske lover og internasjonale konvensjonar. Foreldra har i første rekkje ansvaret for å sikra borna ein trygg oppvekst der dei trivst og høyrer til. Ingen kan fullt ut erstatta familien i å gje kjærleik og omsorg til eigne born.

Det er vårt utgangspunkt for barne- og familiepolitikken.

Det er kanskje i ein slik samanheng at overskrifta mi passar best. Borna er våre “blanke ark” og foreldra og samfunnet har ansvaret for å bruka fargestiftane godt - og etter kvart la borna sjølve få ta over.

Men familien treng ikkje stå åleine med ansvaret. Arbeidet med å styrkja familien inneber også ei plikt for samfunnet å leggja til rette slik at familien kan fylla oppgåvene sine. Permisjonsordningar i samband med fødsel og borna sine første leveår, tidskonto, barnetrygd - og no kontantstøtte - er saman med barnehagane et breitt spekter av tiltak som skal vera eit supplement til familien sin eigeninnsats.

Foreldre skal ha eit reelt høve til sjølve å velja korleis dei vil innretta omsorga med born. Det skal vera mogeleg å bruka meir tid saman med eigne born mens dei er små.

Foreldre er sjølve i stand til å vurdera korleis dei best kan leggja til rette for omsorgsløysingar som passar i deira daglege situasjon. Utfordringa vår er å sikra at det er reell valfridom som gir foreldre høve til å velja løysingar, gjerne i kombinasjon, som passar i deira kvardag.

Foreldre har ein positiv haldning til barnehagar, og stadig fleire legg vekt på at barnet har behov for å vera saman med andre born i barnehagar.

I ei undersøking blant småbarnsmødrer som Statistisk sentralbyrå har utført for departementet, meinte ca 9 av 10 at barnehagar er eit godt tiltak for born.

Barnehagesektoren er i ferd med å bli ein “vaksen” sektor. Frå under 10 % dekning i byrjinga av 70-åra til ca. 60 % for born mellom eitt til fem år no mot slutten av 90-talet. Blant 5-åringane har nesten 8 av 10 born plass i barnehage. Barnehagar er godt etablert som eit allment velferdsgode i samfunnet vårt.

La meg derfor få slå fast : “Barnehagar er eit godt tilbod til born”.

Eg kan slutta meg til det som rammeplanen for barnehagar seier om den gode barnehage for born :

Den gode barnehagen skal gje borna:

  • høve til å utvikla ein basiskompetanse gjennom leik og læring i sosialt samspel og gjennom arbeid med ulike fagområde.
  • høve til å utvikla kunnskapar, ferdigheiter og haldningar på sentrale livs- og kunnskapsområde.
  • fridom og høve til å styra kvardagen sin så langt dei meistrar det ut frå alder og utvikling.

Kort sagt: Barnehagen skal gje eit tilbod på borna sine premissar.

Eg legg spesiell vekt på at barnehagen har høve til å utvikla born sine basiskvalifikasjonar:

Utvikla eit positivt sjølvbilete som fremjer sjølvstende, kreativitet og fleksibilitet samtidig som dei gjennom å utvikla evna til kommunikasjon og kontakt med andre lærer seg å samarbeida, visa omsyn og omsorg for andre.

Det er grunnleggjande eigenskapar som born treng både som born og vaksne. Det er god dekning for å hevda at dei sosiale evnene blir tidleg utvikla - og det vil kunne få negative konsekvensar for de born som ikkje får god nok støtte og hjelp til å læra seg slike basiskvalifikasjonar.

La meg også få knyta nokre kommentarar til to påstandar om mitt syn på barnehagar som eg stadig støyter på :

  • “Born under tre år bør ikkje gå i barnehagar” og
  • “Det er ingen skilnad på barnehagar og dagmammaer”.

Ingen av desse utsagna fortel mitt syn.

Mitt utgangspunkt er at foreldre må finna fram til dei løysingane som dei meiner er best for borna sine. Eg står framleis for det synet at barnehagar blir viktigare jo eldre barnet er, men barnehagar er også eit godt tilbod til dei minste borna. Det vil ikkje seia det same som at alle born under tre år må gå i barnehage. Det finst mange ulike løysingar som kan ivareta også små born sine behov for leik, læring og kontakt med andre born. Ikkje minst har barnehagane sjølve utvikla større fleksibilitet i høve til opningstider og ulike barnehageformer som familiebarnehage og open barnehage. Eg vil også minna om at vi har lagt til rette for at foreldre kan kombinera kontantstøtte med barnehageplass.

Barnehagar er sjølsagt eit annleis tilbod enn dagmamma, og kan mellom anna tilby born og foreldre eit godt pedagogisk tilrettelagt tilbod. Borna møter andre born, og dei vaksne er godt kvalifiserte for oppgåvene sine. Barnehagen har betre føresetnader for å vera eit stabilt tilbod, og er underlagt lov og rammeplan som gir det offentlege innsyn og høve til å følgja opp tilbodet. Barnehagar er betre fagleg tilrettelagde og organiserte tilbod enn det dagmammaer kan gje.

Men mange dagmammaer gjer også ein god jobb, og bør også vera ei mogeleg omsorgsløysing som foreldra kan velja. Men det er ingen grunn til å leggja skjul på at det finst tilbod som ikkje er bra for born og foreldre i denne marknaden. Dagmammaløysingar gjev foreldra eit større ansvar for å sjå til at forholda er tilfredsstillande, og mange har erfart at tilbodet har vore lite stabilt. Barnehageplass til alle som ønskjer det vil gje foreldre reelle høve til å velja dei løysingane som passar best i deira kvardag.

Eg trur det er nødvendig med ein god dialog mellom politikarar og dykk som arbeider i barnehagesektoren. Vi kan læra mykje av den kunnskap og dei erfaringar de har. Det såg vi tydeleg i Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren der barnehagar og kommunar la ned eit stort og offensivt arbeid for å finna nye vegar. Men samtidig vil signala frå politikarane vera nyttig for det arbeidet som skal utførast i sektoren. Mitt håp er at den vidare dialogen om utviklinga i sektoren kan samla seg om dei viktige utfordringane sektoren har - og ikkje om ulike haldningar til kontantstøtta. Ho vil, på linje med andre ordningar retta mot småbarnsforeldre, vera ein del av den røyndomen sektoren må leggja til grunn for barnehagane i framtida.

Vi har to hovudutfordringar i barnehagesektoren i åra framover:

  • Plass til alle som ønskjer det.
  • God kvalitet på barnehagetilbodet.

Eg vil starta med kvalitet.

Norske barnehagar har god kvalitet - det er utgangspunktet for ein diskusjon om kvalitet. Barnehagetradisjonen vår har lagt vekt på borna sitt behov for omsorg og læring. Den daglege verksemda tek utgangspunkt i kva born treng for å utvikla seg sjølv i samspel med andre born og vaksne. Leik og samvær med andre born hjelper til å utvikla borna sin sosiale kompetanse.

Ein viktig føresetnad for god kvalitet er at tilbodet er pedagogisk tilrettelagt av førskulelærarar. Deira kompetanse er grunnleggjande for å halda ved like og vidareutvikla kvaliteten.

Utfordringane for barnehagane er derfor å gjera eit godt tilbod betre. Det vil seia å verna om dei gode sidene ved barnehagen, men også systematisk og målretta å utvikla tilbodet i tråd med born og foreldre sine behov.

Eg skal ikkje gje fasiten på god kvalitet i barnehagane. Det er ikkje ei oppgåve for statlege styresmakter å fastsetja kvalitetskriterium i detalj. Oppgåva vår må vera å peika på nokre overordna omsyn som langt på veg alt er nedfelte i lov og rammeplan. Det er kvar enkelt barnehage som finn svaret på kva god kvalitet skal vera - i eit samspel mellom born, foreldre og tilsette.

Men eg skal peika på nokre forhold som påverkar kvalitet og kvalitetsutvikling.

Først litt om omgrepet.

Eg trur vi må leggja ei vid forståing til grunn. Kvalitet har både ein objektiv og ein subjektiv dimensjon. Med objektiv meiner eg utdannings- og bemanningskrav, fysisk ute- og innemiljø og økonomiske rammer for verksemda. Det subjektive er korleis brukarane, det vil seia born og foreldre, opplever tilbodet. Kvalitet blir med ein slik dimensjon noko relativt, noko som er i utvikling og som kjem an på kvar enkelt si oppleving. Barnehagens formål, profil og arbeidsmiljø spelar og inn.

I tillegg til objektiv og subjektiv dimensjonar er det fruktbart å sjå nærmare på samspelet i barnehagen. Det vil seia relasjonar og prosessar mellom born, mellom born og vaksne og mellom dei vaksne.

Kvalitet må ta utgangspunkt i brukarane sine behov. Det er brukarane som avgjer om barnehagar har god kvalitet. Eg trur nettopp dette utgangspunktet er ein styrke ved kvalitetsomgrepet i høve til andre ord og uttrykk for systematisk utviklingsarbeid.

Det er også nødvendig å sjå kvalitetsarbeid som ein kontinuerleg prosess. Kvalitet er ikkje noko ein oppnår ein gong for alle, men tvert imot noko ein heile tida må halda ved like og utvikla.

I stortingsmeldinga vil vi drøfta ulike sider ved kvalitet og kvalitetsutvikling - og sjå nærmare på behovet for ei felles satsing på kvalitet i åra framover.

Ein av dei viktigaste føresetnadene for god kvalitet er dei tilsette. Norske barnehagar er kjenneteikna ved tilsette som har kunnskapar, erfaringar og stort engasjement. Førskulelærarane har ein svært god pedagogisk kompetanse som er avgjerande for eit godt barnehagetilbod. Dei er sentrale i planlegging og gjennomføring av det pedagogiske opplegget og har ei viktig oppgåve i å ta i bruk heile personalet sin kompetanse.

Eg vil i denne samanhengen verdsetja Norsk Lærarlag sin holdning til barne- og ungdomsarbeidarane som ein tilvekst til barnehagen - ikkje minst fordi auka kompetanse blant assistentane kan frigjera meir tid for førskulelærarane til direkte kontakt og arbeid med borna.

Kompetansen blant dei tilsette skal ivareta ein heilskap, og må i tillegg til fagleg og pedagogisk kompetanse om born og det tilbodet dei skal få som tilbod, også omfatta personleg og sosial kompetanse. Born og foreldre legg stor vekt på dei menneskelege eigenskapane hos dei tilsette - alt frå humør og menneskeleg varme til evne til innleving og respekt.

Eg vil leggja spesiell vekt på den rolle styrarane og dei pedagogiske leiarane har i barnehagane. Dei må ha pedagogisk kunnskap, evne til å leia personalet, kunne organisera og strukturera arbeidet, planleggja målretta verksemd og ha administrative evner og ferdigheiter. Dei har ansvaret for å sjå heilskapen i barnehage-verksemda, og sørga for at tilbodet heile tida blir vurdert og forbetra.

Styraren og dei pedagogiske leiarane skal mellom anna saman sikra eit grunnlag i forståing av mål og oppgåver, skapa engasjement og tillit, vidareutvikla personalet og sine eigne ferdigheiter, inspirera og leia personalet fagleg og pedagogisk, skapa arbeidsglede og motivasjon for arbeidet og sørga for vilje og evne til endring og utvikling

Det krevst mykje av tilsette i norske barnehagar, ikkje minst evne til fleksibilitet og endring. Etter mange år med omstilling og nye utfordringar kan eg forstå at nokon lurer på om det aldri skal ta slutt. Men eg trur tilsette i barnehagen, slik alle andre i tenesteyting, må innstilla seg på eit kontinuerleg utviklings- og endringsarbeid.

Eg er derfor glad for at viljen til endring er stor blant dei tilsette. Det viste undersøkingar som blei gjort i Utviklingsprogrammet. Men dei viste også at det er et stort behov for skulering. Stikkord er rettleiing, opplæring og rett og slett tid til refleksjon og diskusjon i det daglege arbeidet.

Det er i første rekkje eit ansvar for barnehageeigarane. Men her har også kommunane som barnehagestyresmakt, og statlege styresmakter, viktige utfordringar.

Eg nemnde innleiingsvis at vi har to hovudutfordringar for norsk barnehagar i åra som kjem:

  • Plass til alle som ønskjer det, og
  • eit tilbod av god kvalitet.

Eit offentleg ansvar vil ikkje seia at det offentlege sjølv må driva alle barnehagar, men at stat og kommune i samarbeid legg til rette for at det finst eit tilstrekkeleg godt og variert tilbod lokalt.

Eit reelt barnehagetilbod har som føresetnad at det er tilgjengeleg for born og foreldre.

Det vil mellom anna seia at:

  • ein må kunna få ein plass på heiltid eller deltid ut frå det reelle behovet til kvar enkelt familie
  • prisen må vera akseptabel
  • geografisk nærleik til barnehagen må vera overkomeleg

Målet om barnehagar til alle som ønskjer det - eller full behovsdekning - tek utgangspunkt i det foreldre spør etter, eller vil spørja etter, etter kvart som tilbodet blir bygd ut. Før sa vi opp til 90% dekning - seinere reduserte Arbeiderpartiet det til 70 - 75 %. Det vi veit i dag er at det er store variasjonar mellom kommunane. I første rekkje kjem det av at utbygginga ikkje har kome like langt i alle kommunar. Ein del kommunar treng fleire plassar enn dei har i dag. Men det vil også reelt sett vera ulike behov frå kommune til kommune, og det har fleire årsaker. Uansett må behovet for barnehageplassar fastsetjast lokalt.

Behov er ikkje lik ventelister. Auka utbygging skaper nye behov. Større mangfald gjer at fleire vil spørja etter plass. Kommunane må derfor heile tida undersøkja det reelle behovet for plassar, og eg har oppmoda kommunane til å gjera nye behovs- og brukarundersøkingar.

Kva er så full behovsdekning ? Når har vi ein fullt utbygd sektor ?

Eg trur ikkje det er rett å slå fast ei landsnorm som skal gjelda for alle kommunar, for det reelle behovet vil variera. For nokre vil ei felles norm på til dømes 70-75 % føra til stor overkapasitet, mens andre vil mangla plassar.

Regjeringa har likevel lagt til grunn at vi treng fleire plassar, spesielt for dei minste borna. Det vil vi koma tilbake til i budsjettet for 2000 og i stortingsmeldinga som departementet arbeider med.

Plass til alle som ønskjer det - er som eg sa, ei av hovudutfordringane våre.

Eg vil seia litt om nokre av dei viktigaste spørsmåla ei slik målsetting stiller oss overfor. Som de vil sjå, utgjer det nokre dilemma for sektoren :

For det første må barnehagar vera eit lokalt ansvar.

Staten har eit klart ansvar for å leggja til rette rammevilkåra i barnehagesektoren. Økonomi, lovgjeving og fagleg innhald. Samtidig skal eit godt barnehagetilbod ivareta eit mangfald av behov som berre kan fastsetjast og utformast lokalt. I vårt samfunn er det kommunane som må ha dette ansvaret. Dei må etablera eit totalt tilbod som dekkjer dei reelle behova, slik kommunane gjer med skuletilbod og helse- og sosiale tenester.

Kommunane har også i dag eit ansvar etter barnehagelova for “utbygging og drift av barnehagar”, men det ansvaret må bli klarare. Vi vil vurdera om kommunane må ha plikt på seg til å skaffa eit barnehagetilbod. Korleis plikta i så fall skal utformast er det ulike meiningar om. Eg ser at Norsk Lærarlag har teke til orde for ein rett til barnehagar, mens eg i møte med kommunane får råd om gje kommunane nødvendig fridom til sjølve å forma kva som skal liggja i ei plikt. Regjeringa vil drøfta og konkludera på desse problemstillingane i stortingsmeldinga om barnehagar som kjem til hausten. Så førebels vil eg nøya meg med å stilla spørsmåla.

Eit klarare ansvar for kommunane vil ikkje seia det same som at alle barnehagar skal vera kommunale. Vi har mange private barnehagar, og skal framleis sikra at dei blir ein verdifull del av det totale tilbodet. Det er fleire grunnar til det. Private barnehagar utgjer om lag halve sektoren - og det er vanskeleg å tenkja seg eit fullt utbygd tilbod utan dei private. Kommunane vil rett og slett ha bruk for dei for å kunna tilby plass til alle som ønskjer det. Men vi ønskjer også dei private barnehagane ut frå eit ønskje om mangfald i høve til pedagogikk, ideologi og eigarform. Større mangfald gir større valgfrihet, som igjen gir fleire nøgde familiar.

Dilemmaet vårt blir: Korleis skal private barnehagar i praksis bli ein integrert del av det totale tilbodet i kommunane ?

På den eine sida er det uttrykt uvisse om det er godt nok å overlata fullt ut til kommunane å avtala dette lokalt utan noko form for plikt eller pålegg. Det kan føra til at dei private ikkje får nødvendig økonomisk støtte og må avvikla drifta si.

På den andre sida har det lite for seg å påleggja kommunane å automatisk støtta alle private barnehagar og sjå bort frå deira økonomiske situasjon, forpliktingar og plass i kommunen sitt totale tilbod. Det vil lett kunne føra til at kommunen må redusera aktiviteten i eigne barnehagar for å få råd til å støtta dei private, og kan føra til ei ikkje planlagd dreiing mot fleire private barnehagar, og fleire barnehagar enn det det er trong for. Samstundes skal ein ikkje diskriminere barnehagar økonomisk, som påtar seg dei same forpliktningane som dei kommunale bornehagene og som bidrar til å innfri kommunenes mål for barnehagetilbodet.

Det er behov for å finna fram til verkemiddel som fremjer eit samarbeid som vernar om det behovet ein har for å planleggja fornuftig, og det rettkomne ønskjet frå private barnehagar om å verna om sin eigen identitet og eigenart. Det er ei utfordring til oss som sentrale styresmakter, men det må i første rekkje løysast lokalt - og vil derfor også vera ei klar utfordring for mange av dykk.

Eg veit at mange barnehagar har ein pressa situasjon, og at ein er usikker på framtida, ikkje minst blant dei private. Stortinget har lagt til grunn at finansieringa av barnehagane skal vera eit felles ansvar for stat, kommune og foreldre. Dagens situasjon viser at kommunane ikkje oppfyller målet om å finansiera 30 % av utgiftene. Det er nødvendig at kommunane tar eit større ansvar overfor dei private barnehagane. Regjeringa vil også vurdera desse spørsmåla i statsbudsjettet for 2000 og stortingsmeldinga.

Barnehagesektoren har i stor grad vist vilje til endring og omstilling. Utviklingsprogrammet gav oss kunnskap og erfaringar som har fått stor innverknad på kvardagen i barnehagane. Og eg veit at dei same endringsprosessane er sette på dagsorden i mange barnehagar og kommunar som ikkje var med i programmet.

Brukartilpassing har vore sentralt i dette arbeidet. Eg er glad for at sektoren no diskuterer korleis brukartilpassing skal skje - og ikkje om vi skal ha barnehagar som er fleksible og tilpassa brukarane sine behov. Eg trur born langt på veg tåler fleksible ordningar - så lenge dei vaksne i barnehagen finn praktiske løysingar.

Men brukartilpassing må balansera mellom individuelle behov og dei behova som må dekkjast for at barnehagen skal fungera godt som fellesskap. Det er ei felles oppgåve for dei vaksne i barnehagen - foreldre og tilsette - å finna fram til nødvendig balanse. Ingen er tent med så stor grad av fleksibilitet at det ikkje blir råd å gjennomføra eit godt pedagogisk tilrettelagt tilbod.

Brukartilpassing blir først og fremst oppfatta som fleksible løysingar for kor lenge og når eit barn skal vera i barnehagen. Det er viktig nok. Men eg trur også born og foreldre er opptatt av korleis dei blir møtt av dei tilsette i barnehagen. Klarer dei å finna gode og fleksible løysingar på dei mange små og store kvardagssituasjonane - balansera individuelle behov med reglane? I Utviklingsprogrammet blei dette omtala som “spontan fleksibilitet”.

Eg trur dette vil bli eit kjenneteikn ved barnehagane i framtida: Korleis kan born og foreldre få tatt vare på sine eigne behov innanfor det tilbodet barnehagen gjev?

I framtidas barnehagar vil førskulelærarane ha den sentrale rolla.

Vi må sørga for at det blir utdanna nok førskulelærarar. Og med den utviklinga vi ser blant førskulelærarar i dag, mellom anna med overgang til skulen, vil det framleis vera behov for å halda oppe ein høg utdanningskapasitet i åra framover.

Eg tar på alvor dei signala eg har fått mellom anna frå Norsk Lærarlag om uro for kva som skjer på dette området, ikkje minst ei oppleving av at førskulelærarar har mindre status enn dei hadde før. Det er ei felles oppgåve for heile sektoren, også kommunale og statlege styresmakter, å leggja til rette for god rekruttering og stabilitet i yrket. Ikkje minst er det nødvendig å få fleire menn interesserte i arbeid i barnehagar og skular.

Departementet vil følgja utviklinga nøye og vil ta initiativ til nye undersøkingar som kan gje oss oppdatert kunnskap om situasjonen. Vi veit alt mykje om det som skal til, men det er også nødvendig at vi jamt spør dei det gjeld.

Status er samansett. Lønn og arbeidsvilkår er sjølvsagt sentralt. Men det handlar også om å verdsetja den jobben som blir gjort kvar dag i barnehagane omkring i landet. Vi må få sett born og unges behov høgare på dagsorden i samfunnet vårt. Og dere og sektoren for øvrig må marknadsføra det tilbodet barnehagane gir born og foreldre.

Barnehagesektoren er i ferd med å bli ein “vaksen” sektor. I mange opinionsundersøkingar skårar barnehagane høgt. Barnehagar er blitt eit verdsett tilbod.

Eg trur de som jobbar i denne sektoren, og Norsk Lærarlag og andre arbeidstakarorganisasjonar - kan vera trygge på at det arbeidet som blir gjort har stor støtte blant folk. Men det er også viktig at de marknadsfører barnehagar på ein offensiv og stolt måte. Det vil ha mykje å seia for å vekkja interessa hos unge menneske, så dei kan satsa på barnehagen som ein arbeidsplass i framtida, der dei kan få interessante og utfordrande oppgåver.

I stortingsmeldinga vil vi drøfta ulike sider ved barnehagen sitt innhald, og ikkje minst den rolla personalet spelar. Vi vil vidareføra krava til total bemanning og krava til nødvendig pedagogisk bemanning . Eit godt barnehagetilbod er avhengig av nok tilsette som har god kompetanse.

Barnehagesektoren står overfor store utfordringar i åra som kjem.

Det er eit felles ansvar for alle i barnehagesektoren å sikra at måla om plass til alle som ønskjer det, og barnehagar av god kvalitet, blir ein realitet. Det er mange som må bidra i dette arbeidet. Og eg trur det er behov for ein god dialog mellom alle partar, for å avklara ansvar og oppgåver, og sjå korleis vi kan samarbeida. Det er mykje som sameinar oss i barnehagepolitikken. La oss utvikla det, og samtidig la usemje bli ein del av ein fruktbar dialog for å utvikla sektoren.

Vi må ha visjonane klare i barnehagepolitikken - halda godt tak i den retninga vi ønskjer å gå, og ikkje mista motet sjølv om vi synest at farten ikkje er stor nok. Det er mykje vi treng “blanke ark og fargestifter til” - i åra som kjem.

Takk for meg !

Lagt inn 8. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen