Historisk arkiv

Om forbrukarpolitikk og organiseringa av forbrukarapparatet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

»Om forbrukarpolitikk og organiseringa av forbrukarapparatet»

Foredrag ved Forbrukarrådet sitt landsmøte på Lillehammer 14. juni 1999

I. Innleiing

Kjære landsmøte !

Eg takkar for invitasjonen til å halde opningsforedraget her på Forbrukarrådet sitt landsmøte. Det er ein god tradisjon at forbrukarstatsråden innleier den faglege delen av landsmøtet. Eg ser det som eit høve til å møta og ha ein dialog med ein svært brei krins av interesserte om aktuelle forbrukarspørsmål, og særleg med Landsmøtedelegatane som utgjer Forbrukarrådet sitt øverste organ.

Dette landsmøtet kjem på eit gunstig tidspunkt for ein slik diskusjon. Det gir meg eit første høve til å presentera offentleg meldinga om forbrukarpolitikk og organiseringa av forbrukarapparatet, som blei lagt fram i statsråd sist fredag.

Eg er kjent med at det forbrukarpolitiske miljøet har venta på meldinga – litt utolmodige - noko som eg i dette tilfellet ser som eit godt teikn. Vi håpar at ho skal gi eit godt grunnlag for ein diskusjon om utforminga av forbrukarpolitikken inn i eit nytt årtusen, og om korleis vi bør organisera apparatet for å gjennomføra denne politikken så effektivt som mogleg.

Det har skjedd store endringar sidan føre gang heile forbrukerpolitikken blei drøfta i Stortinget for 20 år sidan.

I stikkord vil eg kort nemne:

  • dei store miljøutfordringane som og er knytt til innhald og nivå på forbruk
  • utviklinga i forbrukarane sin kjøpekraft, føresetnader og haldningar,
  • endringane i vare- og tenestetilbodet, i konkurranse og struktur i dei ulike marknadene,
  • den teknologiske utviklinga, og
  • internasjonaliseringa i alle sine former og konsekvensar.

For regjeringa er det maktpåliggjande å streka under det viktige forvaltaransvaret vi alle har. Eg vil sitere frå meldinga:

«Forbrukerpolitikken har tradisjonelt vært definert som en politikk for å styrke forbrukernes stilling i markeder……..og skape balanse mellom forbrukerinteresser og næringslivsinteresser……»
og vidare

«Miljø- og fordelingsutfordringene gir nye og mer langsiktige perspektiver til denne politikken……..Også i forbrukerpolitikken må det legges til grunn at forbruket av ressurser må være innenfor naturens tålegrense, og at kommende generasjoner må sikres minst like gode muligheter som oss til å tilfredsstille sine behov. Forbrukerpolitiske målsetninger og tiltak må utformes innen rammene for en bærekraftig utvikling, og bør kunne spille en viktig rolle i arbeidet for en slik utvikling. Regjeringen ønsker at også verdier som forvalteransvar og livskvalitet skal være en viktig og integrert del av forbrukerpolitikken»

Ei hovudutfordring er å bidra til eit berekraftig forbruksmønster og forbruksnivå.

Eg ønskjer at den forbrukarpolitiske diskusjonen og skal ta opp i seg spørsmål av typen:

  • Er det moralsk forsvarleg at vi utviklar og opprettheld eit forbruksnivå som det store fleirtal av folk i verda aldri kan oppnå ?
  • Vil ytterlegare auka forbruk i Noreg gi betre livskvalitet ?
  • Kva skal vera det konkrete innhaldet i omgrep som etisk forbrukog berekraftg forbruk ?

Dette er store og viktige tema, men også svært utfordrande og vanskeleg. Kva som skjer over heile politikkområdet spelar inn - skattepolitikken t.d. grøn skatt, avgiftspolitikken t.d. CO-2 avgift, samferdselspolitikken, miljøpolitikken osv.

Eg vil at vi skal ha ein slik verdibasis innan forbrukarpolitikken,- det har vi gjort i stortingsmeldinga.

Nokon vil nok kritisera oss for ikkje å ha nok tiltak på dette feltet. Eg trur på langsiktig og hardt arbeid. Vi vil nok ikkje løysa desse spørsmåla ved berre å vedta lover. Mykje handlar og om haldningar og korleis vi som forbrukarar faktisk handlar. Auka kunnskap og betre informasjon til forbrukarane vil vere særs viktig.

Verksemdene legg først og fremst vekt på si eiga økonomiske interesse. Når vi likevel kan registrera aukande merksemd frå næringslivet si side på etikk, omsyn til miljø, menneskerettar og sosialt ansvar, trur eg difor det er teikn på at verksemdene er følsame for dei verdiane kundane eller forbrukarane – vektlegg. Dette er teikn på at forbrukarane har innverknad gjennom dei signala vi sender ved dei vala vi faktisk gjer i marknaden.

I meldinga tar vi konsekvens av at forbrukarpolitikken er eit typisk tverrgåande politikkområde. Mange departement har sektoransvar for oppgåver og tiltak som vedkjem forbrukarane. Dette blir avspegla og i denne meldinga ved at vi har utvida omfanget av politikkområde som vi drøftar. Hovudtyngda ligg likevel på dei områda der Barne- og familiedepartement har fått definert eit særskilt ansvar og disponerer verkemiddel.

Forbrukarpolitikken kjem inn i eit breitt spekter av tema og problemstillingar. Kapitteloverskriftene i meldinga indikerer kva som for meg er viktige og prioriterte tema.

II. Forbrukarpolitiske temaer

- For å fremje eit berekraftig forbruk er det viktig å styrkja kunnskapen og engasjementet hos folk flest om miljøkonsekvensane av eigne handlingar, og å leggja til rette med informasjon slik at det blir praktisk mogleg for den einskilde å handla på ein miljøvennleg måte.

Vi vil arbeida for å fremja haldningar og kunnskap når det gjeld forbruk og miljø på ulike trinn i undervisninga, frå barnehagen til vidaregåande skule. Vidare vil vi leggja til rette og presentera »grøn forbrukarinformasjon», til dømes på TV, gjerne saman med andre partar

Det nordiske miljømerket Svanen er eit døme på eit vellukka informasjonstiltak, som hjelper forbrukarane til å opptre miljøvennleg, og som dermed påverkar tilbodet i marknaden i miljømessig positiv retning. Eg vil i samband med dette senda ei helsing til avtroppande leiar av Forbrukarrådet, og dåverande forbrukarminister, Anne Lise Bakken, som på slutten av 1980-talet var med på å ta initiativet til å oppretta ordninga gjennom Nordisk Ministerråd. I samband med 10-årsjubileet for Svanen i år blir det no gjennomført ei brei evaluering, for å dokumentera gjennomslag og resultat, og om mogleg gi oss eit grunnlag for tiltak som kan få merkeordninga til å fungera enda betre.

I forbrukarmeldinga har vi mellom anna trekt fram energi og avfallshandtering som viktige felt for å redusera den samla miljøpåkjenninga frå forbruket. Det er eit stort uutnytta potensiale i energiøkonomisering. Her ligg det store gevinstar for hushaldningane. Energimeldinga (St.meld 29 (1998-99)) frå i vår tar for seg dette feltet grundig. Eg vil kort nemne at det er etablert eigne tilskotsordingar for støtte til Enøk-tiltak t.d. via Husbanken. Både reduksjon av avfallsmengda og betre avfallshandtering er naudsynt. Heile avfallspolitikk blir tatt grundig opp i meldinga om Rikets miljøtilstand til hausten.

  • Internasjonaliseringa set i stadig større grad preg på den tilgangen vi har til varer og tenester, og på forbruksmønstret. Denne utviklinga gjer det nødvendig med eit sterkt internasjonalt engasjement i forbrukarpolitikken. Ein global dimensjon gjeld særleg rammene for verdshandelen som er i stadig utvikling og endring gjennom handelsorganisasjonen (WTO). Regjeringa har klårt sagt frå at miljø-, helse-, forbrukar- og distriktsomsyn, og tilhøvet til utviklingslanda vil bli lagde vekt på frå norsk side i dei vidare forhandlingane. I det daglege er det likevel EU/EØS- perspektivet som er det sentrale i departementet og institusjonane. I meldinga går vi inn mellom anna på arbeidet for påverking og deltaking i denne prosessen. Vi har heilt i det siste oppnådd fleire resultat med omsyn til medverking. I morgon er departementet med som EFTA-observatør for første gang på møtet i embetsmannskomitéen for forbrukarspørsmål i Kommisjonen. Vi har fått stadfest at forbrukarorganisasjonar i EFTA/EØS-landa frå no av vil bli inviterte til den årlege samlinga av forbrukarorganisasjonar i EU- og søkjarlanda, som Forbrukarrådet ikkje fekk ta del i sist haust. Eit tredje punkt er EU sitt nye rammeprogram for forbrukarpolitikk. Eg var glad for at vi nyleg kunne gi melding til Forbrukarrådet, som har vore ein aktiv og nyttig pådrivar i spørsmålet om norsk deltaking, at Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett har gjort framlegg om å løyva to millioner kroner for at vi kan koma inn i programmet alt i anna halvår 1999.
  • Informasjonsteknologien grip stadig sterkare inn i kvardagen til dei fleste av oss. Det opnar seg store sjansar for forbrukarar som tar steget ut på Internett, både når det gjeld å henta inn informasjon, tinging og betaling. Ein stor del av omsetnaden til forbrukarar vil venteleg i løpet av få år bli flytta til Internett. Med auka tilgjenge og kjøp over landegrensene følgjer også spørsmål om kva for lover som gjeld, kva for nye internasjonale reglar det er behov for, og korleis desse skal takast hand om. Det er store utfordringar i å sikra rettar, informasjon og høve til å klaga i samband med netthandel. Regjeringa la også fredag fram ei stortingsmelding om elektronisk handel. I OECD er ein i ferd med å oppnå semje om retningslinjer (guidelines) for forbrukarvern ved elektronisk handel. Regjeringa vil neste vår gjere framlegg om lovendringar for å styrkja forbrukarane sine retter ved såkalla fjernsal, som vil innebera at norske reglar blir samordna med EU sine på dette feltet.
  • Utfordringane med omsyn til produkttryggleik heng saman med at spektret av varer og tenester er svært breitt, i stadig endring, og gjenstand for internasjonal harmonisering av produktkrav og tilsyn Det offentlege si rolle vil vera å fremja ein kultur som tek vare på tryggleiken. Men det fritar ikkje enkeltmennesket frå individuelt ansvar. Eg vil prioritera det offentlege sin innsats inn mot born og unge sin tryggleik. Ei oppgåve, som har samanheng med diskusjonen om organiseringa av forbrukarapparatet, er å finna ei løysning på det nasjonale tilsynet som vil vera god nok på lengre sikt.
  • Matvarespørsmål, spesielt samanhengen mellom mat og helse, er sentrale for forbrukarane og forbrukarpolitikken. Helsemessig er det stadig samansetninga av kosthaldet, altså det tradisjonelle ernæringsaspektet, som er viktigast når alt kjem til alt. I lengre tid har det likevel vore særleg fokus på risiko ved maten som følgje av ny teknologi i mat-produksjonen, til dømes bruk av genteknologi og hormonhermerar, og av dyresjukdommar (som kugalskap og skrapesjuke). Dei dramatiske oppslaga om giftstoff i belgiske kjøt- og fjørfeprodukt har diverre igjen streka under kor aktuelle desse problemstillingane er. Auka internasjonal handel med mat krev ny kunnskap og stiller skjerpa krav til styresmaktene, både når det gjeld kontrollordningar og informasjon til forbrukarane. Kontroll og tilsyn frå styresmaktene skal hindra at helsefarleg mat blir selt. Den kritiske forbrukaren bør likevel få tilstrekkeleg informasjon til å kunna velja bort spesielle produkt, til dømes næringsmiddel med genmodifisert innhald, dersom han eller ho ikkje har tillit til at styresmaktene sine tiltak er tilstrekkelege. Forbrukaren bør sjølv få ta eit slikt val. Dette er bakgrunnen blant anna for vedtektene om at genmodifiserte næringsmiddel som blir omsett i Noreg, skal merkast.

Elles har regjeringa tidlegare gått inn for at tryggleiksklausulen i EØS-avtalen skal brukast aktivt, at dei nasjonale tiltaka for å sikra mattryggleik skal bli evaluert fortløpande, og at ein før utgangen av 2001 skal leggja fram for Stortinget ei totalvurdering av regelverket og smittesituasjonen.

  • Forsikring, bank og kreditt er tenester som har særleg mykje å seia for forbrukarane sin økonomi. I forhold til forsikring er balanserte kontraktsvilkår og informasjon sentrale stikkord. Gjennom marknadsoversikter og på andre måtar bør ein sikra at forbrukarane får eit grunnlag for å samanlikna ulike forsikringstilbod. Som oppfølging av arbeidet til banklovkommisjonen, der representantar for forbrukarorgana tok aktivt del, har regjeringa nyleg sett fram lovforslag om finansavtaler og finansoppdrag. Framlegget handlar om både låne- og kredittavtalar, kausjonsavtalar og betalingsformidling. Med bakgrunn i erfaringa med at mange ikkje har vore heilt på det reine med risikoen ved å ta på seg kausjonsansvar, er det foreslått vidtrekkjande føresegner om opplysningsplikt i forhold til kausjonist. Det er og foreslått ei plikt for institusjonen til å rå frå at kausjon blir stilt dersom det er vesentleg fare for misleghald frå låntakaren si side.
  • Den beste måten å førebyggje gjelds- og betalingsproblem i hushalda er å skapa stabile økonomiske tilhøve, blant anna i husvære- og rentemarknaden, og halda arbeidsløysa nede. Gjeldsordningslova frå 1993 har vist seg som eit veleigna tiltak for privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem. Fram til våren 1999 er det til saman registrert meir enn 10.000 gjeldsordningar. Regjeringa vil i løpet av året senda ut på høyring framlegg til endringar med sikte på å få ordninga til å fungera endå betre.
  • Kjøp av husvære er den aller største enkeltinvesteringa for dei fleste av oss. Slike kjøp vil ofte binda opp økonomien i mange år framover. I ein travel husmarknad vil kjøp og sal skje under press av korte tidsfristar slik at ei grundig vurdering av tekniske og økonomiske tilhøve blir vanskeleg. Regjeringa vil i samband med dette stimulera til bruk av tilstandsrapportar, og ser behov for ei form for standardisering av innhaldet i slike rapportar. Vidare vil vi diskutera frivillige tiltak for å unngå uønskt tidspress i samband med budrunden
  • Å lære ungdom å ta ansvar for eigen økonomi er eit hovudformål med det pågåande samarbeidet mellom BFD, KUF og Forbrukarrådet, om å styrkja forbrukarundervisninga i skolen. Eit hovudspor er å sørgje for at den framifrå rettleiinga i forbrukarlære, som vi fikk laga i fjor, blir brukt aktivt i grunnskulen. I vidaregåande skule vil vi styrkja undervisninga i forbrukaremne i faget økonomi- og informasjonshandsaming, blant anna ved ei vidare utvikling av internettsidene for faget.
  • I eit eige kapittel i meldinga er det gjort ein samla gjennomgang av tvisteløysning i samband med forbrukarkjøp av varer og tenester, både for den einskilde forbrukaren, og ut frå det meir interessepolitiske aspektet om å oppnå domsavgjerd i prinsipielt viktige saker. Vi vil arbeida for kortare ventetid i Forbrukartvistutvalet, Regjeringa foreslår at konfliktråda blir brukt i større utstrekning i forbrukarsaker. Særleg konfliktar mellom to private partar eignar seg for desse råda.

III. Det kommersielle presset mot born og ungdom

Eg finn grunn til å stansa litt lenger opp ved utviklinga i marknadsføring og kommersielt press, særleg mot born og unge.

Borna si verd inneheld stadig sterkare kommersielle innslag. Born er blitt ei viktig målgruppe for marknadsføring, både fordi dei etter kvart er blitt ei kjøpekraftig gruppe, men og fordi dei har innverknad på heile familien sine innkjøp. For marknadsførarane representerer borna den framtidige kjøpekrafta, og einskilde ser det lønsamt å få dei inn i eit kundeforhold så tidleg som råd er. Dette kan vera noko av bakgrunnen for at det dukkar opp nye former for marknadsføringstiltak retta mot yngre forbrukarar, og at forbruk blir eit viktigare innslag i dei unge sin kvardag. Det er tankevekkjande når tre av fire norske tenåringsjenter oppgir shopping som sin viktigaste hobby !

I salstiltak for born og unge ser vi ein aukande trend i retning av å vekkje merksemd ved å sjokkera eller bryta grenser, mellom anna med auka bruk av vald og andre aggressive innslag. Lovprising av vald og asosial åtferd er eigna til uro i seg sjølv, men er ekstra provoserande der det har som føremål å verka salsfremjande ovafor born og unge.

Reklamen er i aukande grad kroppsfiksert. Og for produkt som ikkje har med kropp å gjera, blir det meir og meir spelt på kropp og sex i marknadsføringa. Mange av modellane som opptrer i »vaksen »reklame er svært unge. Det er liten grunn til å tvila på at kroppsfiksert reklame påverkar vårt verdi- og menneskesyn, vårt eige sjølvbilete, og særleg korleis born og ungdom utviklar haldningar omkring utsjånad og kropp.

Samanblanding av leik, spel, oppgåveløysing og produktinformasjon - som vi ser mellom anna på Internett - gjer reklamen usynleg for borna. Teknologien gir høve til å registrera opplysningar om kundane, til seinare bruk til direkte og tilpassa påverknad av målgruppa. Noreg har, slik resten av Norden har det, tradisjon for å skjerma born mot kommersiell påverknad.

Ei spørjeundersøking utført av 4 FAKTA viser at 62 pst. av folket ikkje godtek reklame retta mot born. Ei anna undersøking viser at 9 av 10 vaksne meiner at born må skjermast mot TV reklame, fordi «born er lett å påverke og ikkje har evne til å vurdere kritisk». Eg føler difor at eg er på linje med fleirtalet av det norske folk når eg ser med uro på ei utvikling der born og unge i aukande grad er målgruppe for marknadsføring.

Eg vil derfor sette ned eit hurtigarbeidande utval som skal greie ut tiltak for å redusere det kommersielle presset mot born og unge. Ulike lovmessige tiltak skal drøftast t.d. innføring av reklamefrie soner på stader der særleg born er, generelt forbod mot reklame retta mot born, strengare reglar for reklame på internett og kino osv.

Eg trur vi treng eit sterkare lovverk

I tillegg til dei rettslege verkemidla er vi allereie i gang med å planleggje nye framstøyt med ulike former for haldningsskapande arbeid, både i forhold til born og unge, foreldre og næringsliv. Reklame er i dag tatt inn som eit eige tema under forbrukarlære alt frå andre klasse på barneskolen. Dette må følgjast opp og utviklast vidare.

Forsking viser at born sine haldningar til reklame i stor grad blir påverka av foreldra sine haldningar. Born som har foreldre med eit kritisk syn på reklame, vil ofte sjølv utvikla tilsvarande syn. Det er derfor viktig å satsa på å gjera foreldra medvetne om reklame og kjøpepress.

Fordi marknadsføringa i stadig større grad skjer over landegrensene, særleg via Internett og fjernsyn, er det ikkje tilstrekkeleg å ha eit strengt nasjonalt regelverk. Vi arbeider aktivt i ulike internasjonale fora for å hevda norske og nordiske synspunkt, særleg med omsyn til born og reklame.

IV. Organiseringa av forbrukarapparatet

Eit viktig tema i stortingsmeldinga er organiseringa av forbrukarpolitikken. Eg er glad for å få dette høvet til å gå nærare inn på dei refleksjonane og avvegingane vi har gjort på dette stadiet.

Det ytre forbrukarapparatet er sett saman av fleire institusjonar som skal ta i vare ei rekkje funksjonar. Samstundes skal dei fylla ut kvarandre og gjera sin del av oppgåvene i ein heilskapleg politikk for å ta i vare forbrukarpolitiske mål og forbrukarane sine interesser.

Den modellen vi har i dag, er prega av mange og til dels små institusjonar. Organisasjonsmønstret er stort sett etablert over tid, etter kvart som det har vore behov, og utan at strukturen er sett på i ein heilskapleg samanhang. Gjennom åra har det avteikna seg fleire problem som tilseier at en bør sjå nærare på dette mønstret.

Forbrukarrådet har sjølv peikt på problem knytt til Landsmøtet og i høve til det lokale engasjementet, og det har reist spørsmål om organiseringa av den inntektsgjevande verksemda er tenleg i den nye konkurransesituasjonen. Det er naturleg og å vurdera sjølve Rådet sin funksjon og om det skal vera eit reint forbrukarfagleg organ, eller ha breiare oppgåver som eit styre for heile verksemda.

I høgste grad gjer og tilhøve utanfor Forbrukarrådet det naturleg med ein gjennomgang av organisasjonen av forbrukarapparatet. Det gjeld mellom anna organiseringa av tilsynsoppgåvene i forhold til produkttryggleik, ansvarsdelinga knytt til det internasjonale engasjementet og det tilbakevendande spørsmålet om dagens modell inneber eit tenleg skilje mellom forvaltnings- og interesseoppgåver.

Rimberg-utvalet la fram innstillinga si i august 1995. Utvalet gjennomførte verdifulle diskusjonar om forbrukarpolitikk og premisser for organisering, og ga nyttige bidrag til diskusjonen om Forbrukarrådet og statusen og stillinga til SIFO. Det tok opp ein spesiell modell der alle institusjonane var samla i eitt direktorat. Utvalet gjennomførte likevel ikkje ei gransking av andre alternative organisasjonsmodellar for forbrukarapparatet - heller ikkje ein modell med eit skilje og ei nærare grensedraging mellom forvaltning og interesse, slik mandatet ga uttrykk for.

I oppfølginga av innstillinga har det vore naturleg å sjå nærare på modellen som er lagt til grunn i dei andre nordiske landa. Den statlege forbrukarpolitikken blir her i all hovudsak tatt hand om av ein forvaltningsinstitusjon, nemleg Konsumentverket i Sverige og Finland, og Forbrugerstyrelsen i Danmark.

Når ein skal drøfte organiseringa av forbrukarapparatet er det nokre sentrale problemstillingar ein må ta stilling til:

· Kva vil vera dei statlege oppgåvene på feltet i framtida?

· Kva slags organisasjon vil vera mest tenleg for å løysa desse oppgåvene?

· Kan vi få meir effekt ut av eit samla apparat framfor eit apparat som er oppdelt etter bestemte oppgåver?

Når vi skulle følgja opp spørsmålet i meldinga, sto vi føre to alternativ. Ei mogleg løysing var å gjennomføra ei fullstendig utgreiing i departementet av ein ny modell, og trekkja ein konklusjon som ville innebera gjennomføring eller leggje vekk denne modellen. Alternativet var å skissera ein mogleg ny modell som grunnlag for ein brei og open diskusjon, og innleie ei utgreiing der ein både ser på dagens modell og det vi kallar direktoratsmodellen. Som det går fram av konklusjonen i kapittel 16, har vi valt den siste tilnærminga. Vi har lagt vekt på at dette er ei avgjerd som krev eit betre og breiare underlag enn det vi kunne få i meldingsprosessen. Ikkje minst ser vi at det er heilt nødvendig å trekkja heile forbrukarmiljøet inn i ei slik utgreiing.

Eg vil difor streka under at det ikkje er fatta noko val om den framtidige organiseringa av forbrukarapparatet. Samstundes med at vi vil greia ut ei løysing med å samla oppgåvene organisatorisk, skal vi sjå nærare på om problema og utfordringane kan løysast innafor den strukturen vi har. Dei to modellane skal vi så vega mot kvarandre før vi treff ei endeleg avgjerd.

Vi har funne det fruktbart å leggja eit breitt og mest mogleg konkret grunnlag for den vidare diskusjonen. Vi har difor gått ganske langt i å skissera oppgåve- og ansvarsområdet til eit eventuelt nytt direktoratsorgan. Dette heng saman med at den naturlege oppgåveporteføljen for eit slikt organ i stor grad følgjer av dei grunnleggjande prinsippa bak denne modellen.

Hovudprinsippa for denne alternative modellen er såleis i korte trekk slik: Forvaltingsoppgåver som i dag ligg til ulike institusjonar, blir samla i eit nytt direktorat. Dette gjeld og saker etter marknadsføringslova, men slik at Forbrukarombodet held fram som ein sjølvstendig institusjon. Direktoratet får og ei rekkje oppgåver med utgreiingar, førebuing av lover, styremaktsrepresentasjon som no i det vesentlege ligg til departementet. Dei fylkesvise forbrukarkontora blir lagde under forvaltningsorganet. Det vi kan kalle det »nye Forbrukarrådet», vil bli ein heilt frittståande organisasjon, - med ein rein interesseprofil, og ein statleg grunnfinansiering. Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet vil ha ei uavhengig rolle som no. SIFO, Stiftelsen for miljømerking og Edelmetallkontrollen vil heller ikkje bli omfatta av ei eventuell omorganisering.

At dei andre nordiske landa har valt ei løysning etter ein slik modell, er korkje den einaste eller i seg sjølv ein vektig grunn til at vi har festa oss ved denne modellen. Eit klargjerande skilje mellom interesse og forvaltning har eg nemnt. Ei samling av forvaltningsoppgåver i brei forstand vil gi eit større fagleg miljø, der kompetanse på eit område kan utfalde seg på eit langt større spekter av forbrukarpolitiske aktivitetar. Ikkje minst i høve til dei internasjonale oppgåvene kan det synast som om dei andre nordiske landa har ein meir høveleg modell. Det er grunn til å sjå om eit slikt direktorat kan vera ei løysning på problema med tilsynet med produkttryggleik.

Den norske modellen og dei institusjonane som arbeider med forbrukarspørsmål har gitt og gir gode resultat for forbrukarane som kollektiv og som individ. I ei vurdering av modellar er det vesentleg at grunnlaget for dette arbeidet ikkje blir svekkja.

Samstundes med at blandinga av forvaltnings- og interesseoppgåver kan vera problematisk, er publikumskontakt, service og interessearbeid knytt saman og verkar som eit gjensidig fruktbart underlag for Forbrukarrådet i dag. Det må vera ein føresetnad for ein ny modell at publikumsservicen og tilbodet til publikum ikkje blir svekkja. Det må sikrast at eit meir reindyrka interesseorgan ikkje mister kontakten med og erfaringane frå forbrukarane. Vi må sjå på konsekvensar for lokalkontora av ei mogleg ny organisatoriske tilknyting. Det er viktig å sjå korleis Forbrukarombodet sin uavhengige funksjon kan haldast oppe innafor eit direktorat.

Det er ikkje tatt stilling til form og framdrift på utgreiingsarbeidet. Eg ynskjer sjølvsagt å ha med synspunkta som Stortinget vil ha til organiseringa, og ei endeleg tilråding om framtidig organisasjonsmodell vil neppe vere klar før tidlegast neste år. Vi har presisert i meldinga at dei sentrale forbrukarinstitusjonane skal trekkjast aktivt med.

Landsmøtet har ei lang saksliste. Tida til å diskutera meldinga er avgrensa. Sjølv om og den tida de har hatt til å setta dykk inn i meldinga og har vore avgrensa, ser eg fram til – og er spent på - ein første runde med kommentarar og meiningsutveksling.

Eg vil ønska lukke til med forhandlingane, takka for merksemda, og vona at eg med dette har gitt opptakten til ein konstruktiv debatt og prosess - både om den framtidige forbrukarpolitikken og om organiseringa av han.

Lagt inn 14. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen