Historisk arkiv

Retur av irakiske kurderar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Statssekretær Atle Hamar

Retur av irakiske kurderar

Avisartikkel, 5. august 1999

I Dagbladet 03.08.99 stiller Erling Folkvord spørsmål ved regjeringa si handsaming av irakiske kurderar som søkjer asyl i Noreg. Han spør korleis vi kan slå fast om ein irakisk kurder har krav på å få opphald i Noreg og kva metodar vi har for å vurdere om det er trygt å returnere nokon til Nord-Irak.

Retten til opphald i Noreg vert handsama etter reglane i utlendingslova og Flyktningekonvensjonen, uansett kva nasjonalitet søkjaren har. Ein asylsøkjar som står i fare for forfølging frå styresmaktene i heimlandet på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemskap av ei spesiell sosial gruppe, eller politisk oppfatning, har rett til vern. Fyller ikkje søkjaren desse vilkåra, vil det automatisk bli vurdert om han har rett til opphaldsløyve etter andre reglar i utlendingslova. Søkjarar som ikkje fyller krava for asyl eller opphaldsløyve på anna grunnlag må reise attende til heimlandet.

For nokre grupper eller nasjonaliteter, der situasjonen i heimlandet vert vurdert som spent eller uoversiktleg, har regjeringa bestemt at tvangsmessig heimsending ikkje skal skje. Desse søkjarane får opphaldsløyve i Noreg sjølv om dei ikkje fyller krava i lova og konvensjonen. Irak er eit av landa der vi ikkje sender folk heim mot sin vilje. Alle irakiske asylsøkjarar som har reist direkte frå heimlandet har fått opphaldsløyve i Noreg.

Retten til vern etter konvensjonen medfører ikkje at alle som søkjer har krav på asyl i Noreg. Har asylsøkjaren allereie fått vern i et anna trygt land, er retten etter flyktningekonvensjonen nytta. Det skal ikkje vere mogeleg å reise rundt i konvensjonslanda på søk etter dei beste sosiale og økonomiske forholda.

Denne problemstillinga har den siste tida blitt fokusert i høve til irakiske kurderar. Hittil i år har vi motteke 2156 søknader frå denne gruppa. Av desse er 550 personer registrert i andre europeiske land. Dette er 25,5 % av søkjarane og talet er truleg langt høgare. Manglande dokument og usikre identitetar gjer det vanskeleg å fastslå nøyaktig kvar asylsøkjarane kjem frå. Desse søkjarane har ikkje rett til, eller behov for vern i Noreg. Det er desse søkjarane, som allereie har fått vern, vi ynskjer å sende tilbake.

Norske styresmakter ser det som viktig å arbeide for å hindre denne form for misbruk av asylinstituttet.

Mitt svar til Folkvord er derfor at i utgangspunktet har alle irakarar som søkjer asyl i Noreg, uten å ha hatt opphald i eit anna trygt land, rett til opphald i Noreg.

Når dette er sagt, må eg få presisere at det må gjerast ei kontinuerleg vurdering av situasjonen i Irak som i andre land. Situasjonen både i den delen av landet som styresmaktene kontrollerer og områda i nord vert følgt nøye. Det vert lagt vekt på opplysninger frå vår utanriksteneste, FN`s høgkommissær for flyktningar og andre internasjonale organisasjonar. Utlendingsforvaltninga reiser også på regelmessige besøk til Nord-Irak.

UNHCR opplyser at enkelte grupper av irakerar trygt kan sendast tilbake til Nord-Irak uten at dette medfører fare for forfølging frå styresmaktene i heimlandet eller andre.

Justisdepartementet ynskjer bl.a. av denne grunn å vurdere om det er forsvarleg og praktisk mogeleg å gjennomføre tvangsretur til Nord-Irak.

Eg vil då presisere at det for tida ikkje er planlagt å returnere nokon personar til nokon del av Irak.

Når Folkvord spør korleis vi kan vere sikre på at ein kurdar vil vere trygg om han blir returnert til Nord-Irak, er dette ei hypotetisk problemstilling. Skulle det bli aktuelt å returnere enkelte grupper til Irak, vil sakshandsaminga være den same som for andre nasjonaliteter. Tryggleikssituasjonen i heimlandet må vere slik at det er trygt med retur, men det er den enkelte asylsøkjar sitt forhold til styresmaktene i heimlandet som er avgjerande.

Lagt inn 6. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen