Historisk arkiv

Den nye husleigelova er blitt sanksjonert - og vil gjelde frå 1. januar 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 29/1999
Dato: 26.03.1999

Den nye husleigelova er blitt sanksjonert - og vil gjelde frå 1. januar 2000

Den nye husleigelova blei i dag sanksjonert av Kongen. Lova skal gjelde frå 1. januar 2000 og vil avløyse husleigelova av 1939 og husleigereguleringslova av 1967. Lova skal medverke til at leigarar av bustad skal ha butryggleik.

Hovudpunkta i lova er:

  • Årleg justering av leigeprisen i samsvar med konsumprisindeksen som kvart tredje år kan tilpassast ”gjengs leige”.
  • Ved utleige av bustad skal utleigaren berre kunne seie opp dersom han har spesielle grunnar for dette, og retten kan setje ei urimeleg oppseiing til sides. Ved utleige på bestemt tid er minstetida sett til tre år, med visse unntak. Ved utleige av lofts- eller sokkelbustad i einebustad eller bustad i tomannsbustad, der utleigaren bur i same hus, er minstetida eitt år.
  • Oppheving av reguleringa av dei private utleigehusa i Oslo og Trondheim bygd før 8. april 1940. Reguleringa blir avvikla stegvis over 10 år, med ei årleg oppjustering av leiga på inntil 20 prosent fram til marknadsleige er nådd. Dette skal gje leigarane høve til å tilpasse seg dei endra tilhøva. Bebuarar som ikkje har evne til å betale, får tilbod om Husbankens bustønadsordning dersom krava til hushaldstype og inntektsnivå er oppfylt.
Lagt inn 26. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen