Historisk arkiv

Kommunegrensa mellom Sande og Vanylven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 25/1999
Dato: 19.03.1999

Kommunegrensa mellom Sande og Vanylven

Regjeringa fremjar ein Stortingsproposisjon med framlegg om endring av grensa mellom Sande kommune og Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Den ber om at Stortinget samtykker i at Åram krins blir overført frå Sande til Vanylven. Om lag 400 personar vil bli omfatta av ei eventuell grenseregulering.

Saka fremjes for Stortinget av di det er ei større regulering og kommunene ikkje er samde om forslaget til ny grense. Åram krets utgjer ein tredel av arealet i Sande kommune – heile den delen av kommunen som ligg på fastlandet.

Vanylven er for ei overføring, medan Sande er mot. Fylkeskommunen er og imot.

Reguleringa blir foreslått sett i verk frå 1 januar 2000.

Om Stortinget samtykker til reguleringa, vil Regjeringa seinare fremja ein kongeleg resolusjon der det blir gjort unntak frå reglane i valloven om røysterett og retten til å stå som kandidat på listeframlegg. Unntaka inneber at ein ved valet skal leggje til grunn at grensereguleringa allereie er sett i kraft. Innbyggjarane i det området som vert overført, kan då både røyste og stå som kandidat på liste til kommunevalet i sin nye kommune, sjølv om reguleringa ikkje blir sett i verk før etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 13 september 1999.

Lagt inn 19.mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen