Historisk arkiv

Framleis likeverd i skolen Nasjonal satsing på vurdering og kvalitetsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 020
Dato: 19. mars 1999

Framleis likeverd i skolen
Nasjonal satsing på vurdering og kvalitetsutvikling

– Sjølv om variasjonane i ressursinnsats mellom kommunane er store, er det ikkje grunn til å seie at det likeverdige skoletilbodet i dag har svikta. Men utfordringane framover er store, seier statsråd Jon Lilletun, som har lagt fram ei ny stortingsmelding med tittelen ”Mot rikare mål”. Meldinga omhandlar einskapsskolen, det likeverdige opplæringstilbodet og ein nasjonal strategi for vurdering og kvalitetsutvikling i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.

– For første gong blir klasserommet opna for eksterne ressursgrupper, seier Jon Lilletun. – Skolane treng å spele på lag med mange ressursgrupper, og dei treng lokalt handlingsrom. Elevane og foreldra/dei føresette skal trekkjast med og spele ei aktiv rolle i skolevurderings-arbeidet. Samtidig skal skolen hente verdifulle impulsar i arbeidet sitt gjennom ope samarbeid med samfunnet utanfor. Regjeringa er likevel ikkje oppteken av å teste eller rangere skolar og lærarar. Vi vil heller ikkje påleggje bruk av byråkratiske vurderingssystem, men vil stimulere og støtte opp under lokal sjølvutvikling i skolane. seier Jon Lilletun.

– Ein nyskapande skole må vere kvalitetsbevisst. Derfor skal alle skolar drive systematisk vurdering av seg sjølv. Det er styrkinga av dette arbeidet vi mellom anna set i fokus i denne meldinga, seier Lilletun. Kvaliteten på møtet mellom eleven, lærlingen og læraren eller instruktøren skal stå i sentrum for kvalitetsutviklinga og for sikringa av likeverdet i opplæringa.

– Det skal vere stort handlingsrom for lokal tilpassing av opplæringa, innanfor dei nasjonale rammene. Handlingsrommet innanfor gjeldande lov- og regelverk må utnyttast aktivt. Departementet ser behov for nyskapande, lokalt utviklingsarbeid og lokale forsøk med grunnlag i den nye forsøksheimelen i opplæringslova, seier Lilletun.

Likeverdig opplæringstilbod

Stortingsmeldinga inneheld ein gjennomgang av viktige rammevilkår, ressursinnsats, læringsresultat og læringsmiljø i skolen for å greie ut spørsmålet om det likeverdige skoletilbodet er i fare. ( Meldinga må sjåast i samanheng med ei kommande stortingsmelding om vidaregåande opplæring).

Kjernen i einskapsskoletanken er at alle elevar og grupper bør vere med i eit sosialt arbeidsfellesskap, som er forankra i felles verdiar og faglege og kulturelle tradisjonar og mål, og også få likeverdige tilbod når det gjeld læring og utvikling. Lova set krav som skoleeigaren må oppfylle som den ansvarlege for opplæringstilbodet. Kommunane står fritt til å yte utover dette og setje høgare ambisjonar for den lokale skolen.

Variasjonar mellom kommunane

Kommunane sin ressursinnsats i grunnskolen varierer, men i dei fleste kommunane ligg utgiftene per elev rundt gjennomsnittet på om lag 40 000 kroner. Talet på kommunar som ligg langt under eller langt over den gjennomsnittlege ressursinnsatsen per elev, er lågt. Meldinga kan ikkje dokumentere at kommunane set seg utover eller bryt gjeldande lov.

Det er etter departementet si vurdering tre hovudårsaker til variasjonane i den kommunale ressursinnsatsen i skolen: inntekt, strukturelle forhold og prioriteringar. Høge driftsutgifter per elev i kommunar vil ikkje utan vidare seie at grunnskolesektoren blir høgare prioritert: skoledrifta kan til dømes vere dyrare på grunn av busetjingsmønsteret.

Etter departementet si vurdering tilseier ikkje dei analysane som er lagde fram i meldinga, at det er grunnlag for å fremje nye forslag om endringar i finansieringssystemet for kommunesektoren. Kommunal- og regionaldepartementet har nyleg sendt på høring ein rapport som vurderer nye busetjingskriterium i inntektssystemet. Departementet er oppteke av å sjå dette i samanheng med mellom anna grendeskoleproblematikken.

Det er vanskeleg å finne nokon eintydig samanheng mellom den økonomiske innsatsen i skolen og læringsutbyttet for elevane. Det er læraren som synest ha mest å seie for læringsutbyttet.

Vurdering og kvalitetsutvikling

Det er dei siste åra gjort mykje positivt vurderingsarbeid i skolane. Arbeidet med ein nasjonal strategi for vurdering og kvalitetsutvikling skal byggje vidare på dette. Målet med ein nasjonal strategi er å styrkje kvaliteten i skolar og lærebedrifter. Skolen skal som samfunnsinstitusjon vere open for innsyn, og departementet utfordrar skolar og lærebedrifter til å utnytte samarbeidet med eksterne instansar og miljø som ressurs i vurderingsarbeidet. Departementet ønskjer styrking både av det interne vurderingsarbeidet og vurderinga ved eksterne ressursgrupper.

Regjeringa går i meldinga inn for mellom anna desse tiltaka:

  • Satsinga på forsøks- og utviklingsarbeid knytt til systematisk vurderings- og kvalitetsarbeid i skole og lærebedrift skal styrkjast både i grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet vil i 1999 setje i gong eit breitt utviklingsprosjekt innanfor vidaregåande opplæring. Kommunenes Sentralforbund, lærarorganisasjonane og Foreldreutvalet for grunnskolen vil bli inviterte til samarbeid om eit eige handlingsprogram for forsøks- og utviklingsarbeid i grunnskolen.
  • Det skal startast eit treårig nasjonalt forsøksprosjekt med breitt samansette grupper som skal delta som samtalepartnarar og ressurspersonar for skolar, kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med vurdering og kvalitetsutvikling. Gruppene skal være samansette av personar med ulik bakgrunn, med og utan pedagogisk fagkompetanse. Foreldre, arbeidsliv, kommunenivået og fylkeskommunenivået skal vere representerte.
  • Statens utdanningskontor skal få ei styrkt rolle som samtalepartnar og rettleiar for kommunar og fylkeskommunar når det gjeld lokale utviklingsoppgåver.
  • Nasjonal ressursbank: Departementet vil vidareutvikle ein elektronisk, nettbasert ressursbank for vurdering og kvalitetsutvikling. Ressursbanken skal gjennom tilknyting til Internett gi tilgang på relevant informasjon og praktiske hjelpemiddel til nytte for systematisk, lokal eigenvurdering og kvalitetsutvikling. Ressursbanken skal også gjere det mogleg for ulike brukargrupper å utveksle erfaringar.
  • Nytt nasjonalt utviklingssenter for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa: Departementet går inn for å opprette eit nytt nasjonalt utviklingssenter frå 1. august 2000. Senteret skal koordinere utviklings- og vurderingsaktivitetane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. I dette senteret skal samlast dei oppgåvene som i dag ligg hos Nasjonalt læremiddelsenter, Eksamenssekretariatet og delar av KUF.

Andre tiltak er mellom anna

  • forenkling og forbetring av informasjons- og rapporteringsrutinane i skoleverket
  • auka satsing på forsøks- og utviklingsarbeid og praksisnær forsking
  • kompetanseutvikling gjennom grunnutdanning, etterutdanning og vidareutdanning
  • utvikling av kartleggjande og læringsstøttande prøvemateriell
  • lokale forsøk med vurdering utan karakterar på ungdomstrinnet i grunnskolen
  • konkrete forsøk som gir 10-15 kommunar høve til å prøve ut alternative og meir fleksible modellar for tildeling av timar på ungdomstrinnet
  • ei utdanningspolitisk utviklingsmelding til Stortinget annakvart år

Stortingsmeldinga ”Mot rikare mål” peiker vidare på fire område som departementet vil arbeide med å forsterke i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa: bruk av IKT i læringsarbeidet, ungdomstrinnet i grunnskolen, differensiering og tilpassing av opplæringa og førebygging og meistring av negativ åtferd i skolen.

Stortingsmeldinga ligg på Internettadressa
linkdoc014005-991145#dochttp://odin.dep.no/kuf/publ/
KUF 19.3.1999

Lagt inn 19. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen