Historisk arkiv

Tale i Jamaat - E- Ahl E Sunnat moskéen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Jon Lilletun

Tale i Jamaat - E- Ahl E Sunnat moskéen

12.04-99.

Takk for invitasjonen.

Det er ei glede for meg å møte dykk her i moskéen. Eg vil takke alle som er komne, og Islamsk Råd for førebuingane til møtet.

I eit godt fungerande samfunn er det ein levande dialog innbyggjarane imellom og mellom innbyggjarane og myndigheitene. Ein dialog der vi kan gi uttrykk for våre synspunkt og der meiningar kan brytast. For meg er det viktig å få til ein nærare og breiare dialog mellom myndigheitene og representantar for ulike minoritetar. Mange av dei spørsmåla som er tekne opp av dykk, høyrer då også under det saksområdet eg har ansvaret for.

Statsministeren er lei for at han ikkje kan møte dykk i dag, men håper at han kan få til eit møte ved eit seinare høve.

Eg vil nytte høvet til å rose representantar for muslimane som heilt frå tidleg på 90-talet aktivt har teke kontakt med myndigheitene med ønske om samarbeid og dialog.

Vi deler synet på kor viktig tru og livssyn er for det einskilde menneske, for familien, gruppa og samfunnet. Blant anna viser eit forslag om oppmjuking av familiegjenforeningsreglane som no er ute på høyring, at regjeringa legg stor vekt på at familien skal kunne halde saman. Regjeringa sitt forslag inneber at det skal bli noko lettare å få familiegjenforening med borna sine heilt til dei blir 21 år.

Kultur og religion legg grunnlaget for etikk, normer og verdiar. For meg er det viktig at vi skaper eit samfunn med respekt for ulike grupper, kulturar og religionar.

Ute i verda ser vi stadig eksempel på at religion blir misbrukt i eit politisk maktspel og til å skape konflikter. Det er derfor viktig å ta utgangspunkt i det som samlar i staden for det som splittar. I Norge har det i lang tid vore ein dialog mellom trussamfunna. Vi ser i dette arbeidet at det er større likheiter enn forskjellar mellom ulike grupper.

Det pågår viktige dialogar i mange fora. Eit eksempel er samarbeidet mellom Mellomkirkelig Råd og Islamsk Råd som har funne stad over lengre tid. Eit anna eksempel er Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn der også Islamsk Råd er med. Desse var medarrangør av den store internasjonale konferansen om trus- og livssyn og menneskerettar som fann stad i Oslo sommaren 1998. Konferansen fekk økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, som eit synleg bevis på at vi frå myndigheitene si side meiner dette er eit viktig arbeid.

Eit anna viktig forum for dialog er Kontaktutvalget mellom innvandrarar og norske myndigheiter. Også her blir viktige verdispørsmål drøfta og representantar frå dei muslimske miljøa er med på å setje dagsorden.

Alt dette er for meg uttrykk for ein vilje frå dykk til å ta ansvar for ei felles framtid i Norge. Det gir ei god ramme for det vidare samarbeidet.

Mange av dykk som er her i dag kom til Norge for mange år sidan, og nokon er kanskje fødde her. De har bidrege til utvikling av det norske samfunnet og vil vere med på å prege utviklinga når vi går inn i eit nytt årtusen.

Her i Oslo har mange av dykk nøkkelfunksjonar både i privat og offentlig sektor for å sikre at byen fungerer. Eg kan eksempelvis nemne byen sitt helsevesen og omsorgstenestene som er heilt avhengige av innsatsen frå innvandrarbefolkninga.

Mange av dykk jobbar hardt, men eg veit også at ein større del av dykk enn i befolkninga elles, står utanfor arbeidsmarknaden, sjøl om de ønskjer å arbeide. Regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for at arbeidsløysa blant innvandrarar kan reduserast. Det er viktig at arbeidsledige tek kontakt med arbeidskontoret. Med den gunstige arbeidsmarknaden i dag legg arbeidsmarknadsetaten særleg vekt på å hjelpe folk til å få ordinært arbeid. For dei som treng kvalifisering for å komme i jobb, har arbeidsmarknadsetaten ei rekkje arbeidsmarknadstiltak som dels er spesielt tilrettelagde for innvandrarar. Regjeringa vil også rette søkjelyset mot nykomne flyktningar og innvandrarar med sikte på å gjere det lettare å få ein jobb så snart som mogeleg etter å ha kome til landet. Vi greier no ut muligheita for ei eiga lov der deltaking i kvalifiseringstiltak vert kopla til utbetaling av økonomisk stønad.

Når eg møter dykk her i moskéen i dag, er det som medlemmar av eit av dei største trussamfunna utanfor Den norske Kyrkja, men også som innvandrarar som skal finne seg til rette i eit nytt land.

Alle innvandrarar som kjem til Norge opplever eit land med nye skikkar og levesett. Dette er ein stor overgang.

I Pakistan er islam grunnlaget for opprettinga av staten. Også i andre land der de kjem frå, er islam eit viktig grunnlag for liv og livnad for menneska. Dette betyr at de kanskje opplever å vere minoritet i dobbel forstand: både som innvandrar og som religiøs person.

Det er derfor ei utfordring for oss alle å skape eit samfunn der alle føler seg som ein del av fellesskapet, samtidig som felles lover og reglar blir overhaldne og ingen blir diskriminerte på grunn av si tru.

Kva er det som pregar det norske samfunnet vi alle er ein del av?

  • Vi har mange felles lover og reglar som gjeld privatlivet vårt, som reglar om forholdet mellom menn og kvinner og forholdet mellom foreldre og barn. Vi har ei lov om at kvinner og menn skal vere likestilte. Vi har barnelova og lov om barnevern.
  • Norge er eit organisasjonssamfunn. Det vil seie at personar med felles interesser ofte organiserer seg i interesseorganisasjoner. Mange av desse får offentleg støtte etter visse kriterier. Det gjer også dei som ønskjer eit religiøst fellesskap og er med i eit trus- eller livssynsamfunn.

Dette betyr at i Norge blir det teke mange viktige beslutningar for den enkelte utanfor familien og mykje er regulert i lovs form. I Norge understrekar vi den enkelte sin rett til sjøl å bestemme over sitt liv, også når det går på bekostning av familien sine ønskje. Eksempelvis er det som de alle veit opplæringsplikt i Norge for alle barn inntil dei er 16 år, og gutar og jenter skal behandlast som likeverdige.

Foreldre har eit soleklart ansvar for å oppdra sine barn. Alle kan vere med - og eg vil gå så langt som å seie at det er ei plikt å bidra til å utforme samfunnet på ein positiv måte gjennom deltaking og engasjement i samfunnsdebatten. Som eksempel blir det forventa at foreldra engasjerer seg i barna sin skulegang og at ein røystar ved valg. I andre land er reglane og skikkane ulike våre og det kan gi grunnlag for problem og misforståingar. Igjen vil eg understreke kor viktig det er at vi også samtalar om tema som er vanskelege og tek utgangspunkt i at vi skal lytte til kvarandre.

Eg vil her nytte høvet til å ta opp eit tema som sikkert opptek dykk like mykje som meg. Som de sikkert veit er ekteskap inngått under tvang ugyldig i Norge. Barne- og familiedepartementet har nyleg lagt fram ein handlingsplan mot tvangsekteskap. I samband med arbeidet med handlingsplanen hadde departementet eit møte med representantar for Imamforeningen. Når enkelte familiar grip til tvang for at barnet skal gifte seg med den personen dei har valt, er det ikkje eit spørsmål som har å gjere med religion. Ifølgje dei store religionane skal ingen måtte inngå ekteskap mot sin vilje. Dette gjeld også islam.

Vi veit at det likevel går for seg tvangsekteskap blant personar med innvandrarbakgrunn. Myndigheitene ser samarbeidet med innvandrarane sine organisasjonar og trussamfunn som eit viktig verkemiddel for å kunne avskaffe tvangsekteskap i Norge.

Eg håpar at både ungdomane og foreldrene får hjelp til å ta omsyn til eigen kultur og samstundes ta omsyn til at ungdomane skal leve eit liv i det norske samfunnet. Ulike generasjonar har ulikt syn på livet. Å velje livsledsagar er eit av dei viktigaste og kanskje vanskelegaste vala vi gjer, og dei unge kan ha godt av å høyre på den erfaringa vi som vaksne har. Men til sjuande og sist må det vere dei unge sitt val, og det er tragisk for alle partar når slike val fører til store konfliktar og i verste fall til brot mellom foreldre og barn. Særleg fordi eg veit at foreldre ønskjer det beste for barna sine og at barna ønskjer at foreldra skal vere deira støttespelarar.

Dette fører meg over på dei meir generelle forholda mellom foreldre og barn.

Om barn og ungdom med innvandrerbakgrunn blir det ofte sagt at dei lever i to kulturar og at dette kan vere eit problem. Undersøkingar viser at dei unge som er fødde i Norge eller som var ganske unge då dei kom, ser på Norge som det landet dei skal bli buande i og som det landet dei høyrer til. Slike synspunkt var det også mange som uttrykte då eg besøkte ungdomsorganisasjonane. Mange foreldre har kanskje framleis eit ønskje eller ein draum om å reise tilbake - eller eventuelt å tilbringe alderdommen i sitt opprinnelege heimland. Desse forskjellige ønskja er ikkje lette å foreine.

Eg veit at de er opptekne av at barna skal få bevare og styrkje sin identitet og sin muslimske tilhøyrigheit. Eg er også kjend med at mange synest dette har blitt vanskelgare med det nye skulefaget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Eg har forståing for dette, men eg mener at dei som bur i Norge bør ha kunnskap om kristendomen for å forstå tankegangen og kulturen i landet. Målet med faget er å sikre at alle barn får eit felles kunnskapsgrunnlag om dei ulike religionar og livssyn som er sentrale i samfunnet vårt. Samtidig må barna ha kunnskap om islam og andre religionar. Foreldrene har rett til å be om fritak. Det gjeld dei deler av undervisninga som går utover det å gi faktisk kunnskap. Det er for tidlig å trekkje bastante slutningar om korvidt fritaksretten fungerer. Eg vil forsikre dykk om at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje nøye med i korleis dette utviklar seg. Samtidig som foreldra har rett til å gi barna ein identitet og å rettleie dei i religiøse spørsmål, bør barna bli oppdregne til å kunne delta i det norske samfunnet og dra nytte av dei muligheitene det gir. Eg tenkjer både på skulegang, fritidstilbod og utdanning.

Dei fleste barn og unge med muslimsk bakgrunn klarer seg sjølsagt svært bra og har solid støtte i heimen og foreldra. Men dei fleste av oss møter problem i rolla som oppdragar, og vi veit at det er særleg utfordrande i eit nytt land med normer og reglar som barna kanskje med rette meiner å kjenne betre enn foreldra. For å gjere foreldra tryggare på rolla, har Barne- og familiedepartementet laga eit Program for foreldrerettleiing, der siktemålet er å styrkje foreldra i rolla som oppdragarar og omsorgspersonar for eigne barn. Programmet er laga for at helsestasjonar, barnehagar og skular skal kunne gi foreldra best mogeleg rettleiing. Eg vil oppfordre dykk til å nytte dykk av denne muligheita til å ta opp spørsmål som gjeld barna dykkar. Eg kan også opplyse at som ein del av programmet skal det utarbeidast eit temahefte spesielt med tanke på foreldre med innvandrarbakgrunn.

Det er også nokre barn og unge, både med norske og utenlandske røter, som får problem. Vi ser at nokon fell ut av skulen og ikkje fullfører utdanninga. Enkelte blir dregne inn i vold og kriminalitet. Undersøkingar viser at ei lita gruppe ungdom, særleg gutar, er gjengangarar som har gjort fleire lovbrot. Dette er eit samfunnsproblem som vedkjem alle. I denne gruppa inngår også unge med innvandrarbakgrunn og dei står i fare for å bli trekte inn i eit kriminelt miljø som myndigheitene ofte har vanskar med å få oversikt over. Eg vil oppfordre dykk som foreldre å følgje med i kva barna dykkar driv med og å ta kontakt med barnevernet og politiet for å få råd og hjelp. Vi er nøydde til å stå saman for å hindre ei utvikling ingen ønskjer. Eg veit at både frivillege organisasjonar og fleire av moskéane tek opp desse problema. Det er svært positivt. Utan organisasjonane og foreldra sin medverknad er desse forholda vanskelege å endre. Det er viktig å ta tak i problema tidleg og å få eit samarbeid mellom myndigheitene, ulike hjelpeinstansar og foreldra.

Det er nødvendig med kjennskap til det norske samfunnet og norskkunnskaper hos dei som skal oppdra og rettleie barna og dei unge. Det er også avgjerande at barna sjøl beherskar norsk på eit tidleg tidspunkt. Ei undersøking om innvandrarforeldre sin bruk av barnehage viser at de legg vekt på dette. I bydelen Gamle Oslo pågår eit treårig prosjekt med gratis korttidsplass i barnehage for alle fem-åringar i bydelen. Hensikta med forsøket er først og fremst å rekruttere barn med tospråklig bakgrunn til barnehage det siste året før skulestart, slik at norskkunnskapane blir best muleg. Eg er glad for at mange foreldre gjere nytte av tilbodet.

Den norske skulen er basert på eit nært samarbeid mellom foreldre og skule. Ein viktig del av foreldrerollen blir derfor å hjelpe barnet med skulearbeidet og ha kontakt med skulen, bl.a gjennom å delta på foreldremøter. Dette gjeld både mor og far. For å kunne vere den nødvendige støtta for barnet, er det viktig at begge foreldra kan norsk. Mødrene i muslimske familiar har ei viktig oppdragarrolle og spelar tradisjonelt ei vesentleg rolle i forhold til barna si utdanning. For å kunne forstå barna sin situasjon og oppvekst, er det nødvendig å kjenne til dei forventningar og krav som møter barn og unge på skulen og i det norske samfunnet generelt. Tilstrekkelege norskkunnskaper blir derfor også viktig for å kunne ivareta oppdragarrolla best muleg.

I Norge er det ei betydeleg gruppe innvandrar- og flyktningekvinner som ikkje er i stand til å støtte sine barn med skolearbeidet fordi dei er analfabetar eller har svært lita grunnutdanning. Kirke- utdannings- og forskingsdepartementet planlegg eit prosjekt for å kartlegge innvandrar- og flyktningekvinner sitt utdanningsnivå. Med utgangspunkt i kartlegginga vil departementet planlegge opplæringstiltak spesielt retta mot kvinner med barn. Tiltaket som vil vere knytta til grunnopplæring, spesielt i norsk, vil bli starta i Oslo og vil skje i samarbeid med lokale skulemyndigheiter og innvandrarorganisasjonar.

Dei unge med innvandrerbakgrunn treng støtte frå vaksne, både kvinner og menn, som kan formidle eigen kultur og religion og gi rettleiining om det norske samfunnet.

Vi treng også å møte kvarandre på tvers av religiøs tilhøyrigheit og kulturell bakgrunn for å drøfte våre erfaringar og vårt syn på korleis vi skapar eit godt liv for oss sjølve og våre næraste.

Det har nettopp vore eit møte med leiarar for Islamsk råd, og vi hadde ein nyttig dialog om viktige spørsmål de er opptekne av. Islamsk råd er blant dei som har meldt frå at det er behov for å ha eit kontaktpunkt i forvaltninga då det er ei rekkje spørsmål som det er behov for å drøfte med myndigheitene. Dette har eg teke alvorlig, og eg har sett i gang eit arbeid for å finne ei løysing på dette problemet.

Eg ønskjer at denne type samtalar mellom ulike innvandrargrupper og myndigheiter skal halde fram.

Takk for oppmerksomheita.

Lagt inn 13. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen