Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Freding av fjordgarden Havrå som kulturmiljø i Osterøy kommune i Hordaland fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Nr. 91
Dato 04.12.98

Freding av fjordgarden Havrå som kulturmiljø i Osterøy kommune i Hordaland fylke

Regjeringa har i statsråd i dag fatta vedtak om freding av Havrå kulturmiljø i Osterøy kommune i Hordaland fylke. Kulturmiljøet dekkjer eit areal på omlag 2000 dekar. Havrå er det første området som blir freda som kulturmiljø etter kulturminnelova § 20.

Føremålet med fredinga er å ta vare eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg med tilliggjande inn- og utmark. Fredinga skal sikre eit komplett vestnorsk klyngetun som historisk referanse og kjelde til kunnskap om levekår og driftsform knytt til landbruket.

Fredinga har som føresetnad at noverande drift av området skal kunne halde fram, og fredingsføresegna er utforma slik at det er mogeleg med ei viss framtidig drift som kan kome inn under tilskotsordningane til landbruket.

Det er oppretta eit lokalt/regionalt samarbeidsorgan som skal arbeide med ein plan for den framtidige forvaltninga av det freda området. Planen skal m.a. omtale skjøtsel, organisering av forvaltning og oppsyn og omsyn til eigar- og brukarinteresser. Gruppa er sett saman av representantar frå eigarane, Osterøy Museum, Stiftinga Havråtunet , Osterøy kommune, fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Arbeidet med fredinga er gjennomført i nær kontakt med m.a. grunneigarar, Osterøy kommune, Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Andre instansar og fagmiljø som kjenner Havrå godt har og kome med verdifulle innspel i arbeidet med fredingssaka. Fredingsforslaget har vore på lokal høyring 04.10.96 og sentral høyring 30.03.98.

I fredingsføresegna er forvaltningsstyresmakta lagt til Riksantikvaren. Det er ein klar føresetnad at forvaltninga av området skal delegerast vidare frå Riksantikvaren til Hordaland fylkeskommune.

For nærare informasjon om området, kontakt:
Riksantikvaren v/Harald Hermansen eller
Even Gaukstad, tlf: 22 94 04 00 eller
Hordaland fylkeskommune, v/fylkeskonservator Gerd Bolstad, tlf: 55 23 90 00


Kontaktperson: Torbjørn Lange, telefon 22 24 58 28

Lagt inn 4. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen