Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturmiljøet ved Utstein Kloster i Rogaland er freda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato 17.12.1999

Kulturmiljøet ved Utstein Kloster i Rogaland er freda

Regjeringa har i statsråd i dag fatta vedtak om freding av Utstein kulturmiljø i Rennesøy kommune i Rogaland fylke. Formålet med fredinga er å ta vare på eit særmerkt og sterkt beiteprega kulturmiljø av særleg nasjonal verdi. Fredinga omfattar middelalderklosteret og det omkringliggjande kulturlandskapet.

- Området rundt Utstein er eit særmerkt og levande kulturmiljø, og eg er svært glad for at dette området nå vert freda, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Fredinga har som føresetnad at landbruksdrifta i området skal kunne oppretthaldast. Innafor ramma av formålet er fredinga heller ikkje til hinder for utvikling av landbruket og anna næringsmessig bruk og skjøtsel av området. Utstein er det andre området som blir freda som kulturmiljø etter paragraf 20 i kulturminnelova. Området har store kulturhistoriske, landskap- og landbruksmessige verdiar som gir det særpreg. Området omfattar gardsbruk i aktiv drift og landbruksdrifta slik den har vore drive i generasjonar. Det særprega kulturlandskapet er vesentleg som grunngjeving for fredinga. Kulturmiljøet dekkjer eit areal på om lag 2500 dekar.

Det er oppretta eit lokalt og regionalt samarbeidsorgan som skal arbeide med ein plan for den framtidige forvaltninga av det freda området. Deira oppgåva blir mellom anna å avklare nærare problemstillingar knytt til ei vidare utvikling, skjøtsel og bruk av området innafor ramma av fredinga. Gruppa er sett saman av representantar for grunneigarane, Rennesøy kommune, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.

I fredingsføresegna er forvaltningsmyndigheit lagt til Riksantikvaren. Det er ein klar føresetnad at forvaltninga av området skal delegerast vidare frå Riksantikvaren til Rogaland fylkeskommune.


Kontaktpersoner:
Siri Kloster, tlf: 22 24 58 30
Riksantikvaren v/Oddvar Bjørvik tlf: 22 94 04 90
eller Rogaland fylkeskommune v/fylkeskonservator Egil Harald Grude, tlf: 51 51 68 58

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen