Historisk arkiv

Radiostøykontrollen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 31/99
Dato: 19.03.99

Radiostøykontrollen:

Skal overførast frå Telenor AS til Post- og teletilsynet

- Oppgåvene til Radiostøykontrollen i Telenor AS er slik at dei bør leggjast til eit forvaltningsorgan. Regjeringa går derfor inn for at Radiostøykontrollen skal overførast til Post- og teletilsynet, går det fram av eit forslag som blei lagt fram i statsråd i dag.

I grunngjevinga for forslaget blir det vist til mellom anna den utviklinga som har skjedd med innføring av allmenn konkurranse i telesektoren, omdanning av Televerket til aksjeselskap, innføring av fleire landsdekkjande kanalar i kringkastingssektoren og framvekst av lokalradio og -fjernsyn.

- Plassering av Radiostøykontrollen i Post- og teletilsynet vil vere ei god løysing, særleg fordi det er eit nært fagleg slektskap mellom Radiostøykontrollen og dei oppgåvene som Post- og teletilsynet i dag utfører når det gjeld frekvenskontroll, går det fram av forslaget.

Lagt inn 19 mars 1999av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen