Historisk arkiv

Prøveordning med sjølvbetente vinmonopol

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 33
Dato: 22.3.99

Prøveordning med sjølvbetente vinmonopol

Statens Institutt for alkohol og narkotikaforsking (SIFA) og styret i Vinmonopolet er einige om å foreslå 14 prøveutsal med sjølvbetening.
Eg har i dag gitt Vinmonopolet og SIFA beskjed om at eg gir klarsignal for denne planen, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vedtaket er ei oppfølging av ynskje frå eit fleirtal i Stortinget om ei prøveordning med sjølvbetening i Vinmonopolet.
Prøveordninga skal gjennomførast på ein måte som framleis sikrar god kontroll med salet. Ordninga skal evaluerast av SIFA etter to år.

Det blir sjølvbetente polutsal desse stadene:

  • Molde
  • Larvik
  • Narvik
  • Fagernes
  • Fauske
  • Kristiansand, Kongensgate
  • Oslo, CC-Vest, Vika og Storo
  • Lørenskog
  • Sandnes, Kvadrat
  • Bergen, Nesttun
  • Trondheim, Valentinlyst og Byhaven

Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Ellen Seip 22248509

Lagt inn 23. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen