Historisk arkiv

Priv. til red.: Statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr. 48/1999
Dato: 19. mars 1999

Priv. til red.:

Statsministerens program

Måndag 22. mars kl. 12.00 deltek statsministeren under kongen sin velkomstseremoni for presidenten i Ungarn, Árpàd Göncz, på Slottsplassen i Oslo. Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene under kongeparet sin gallamiddag i høve den ungarske statsgjestinga, på Slottet. NB: for akkredditering, presseprogram og oversyn over fotopoolar for statsgjestinga, viser vi til pressekontoret i Utanriksdepartementet, telefon 22 24 31 41/31 49.

Tysdag 23. mars kl. 10.10 tek statsministeren imot president Göncz til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere for akkreditert presse. Etter samtalen, om lag kl. 11.00, er dei to tilgjengelege for akkrediterte pressefolk same staden. Kl. 13.00 er statsministeren vert for ein regjeringslunsj i høve den ungarske statsgjestinga, på Akershus slott. Akkreditert presse har høve til å fotografere i borggården frå kl. 12.40. Fotopool 8 (jfr UD sitt presseprogram) har høve til å fotografere i det gjestene gjeng til bords. Kl. 19.30 er statsministeren mellom gjestene under den ungarske presidenten sin middag på Grand Hotell i Oslo.

Onsdag 24. mars kl. 11.00 tek statsministeren imot den kinesiske utanriksministeren , Tang Jiaxuan, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 11.35, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Kl. 14.00 avdukar statsministeren den kjende danske bilethoggaren Bernt Thorvaldsen sin marmorbyste av kong Christian Frederik – den drivande krafta bak frigjeringsprosessen som gav Noreg Grunnlova i 1814. Avdukinga finn stad på Statsministerens kontor. Av omsyn til plassen, er avdukinga open for ein pressepool med maksimum 2 representantar for desse redaksjonane: Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, NRK/Nyheter, NTB/Scanpix, TV2Nyhetene og VG. Bysten vart laga i Roma i 1821, få år etter at kongen i oktober 1814 hadde abdisert og reist frå Noreg. Bysten var lenge den danske kongefamilien sin eigedom, men har seinare vore på private hender. I haust kom bysten på auksjon i København, der den norske staten kjøpte den.

Torsdag 25. mars kl. 10.00 deltek statsministeren i stortingsdebatten om NATO-utgreeinga som han heldt 18. mars. Kl. 16.30 leiar han eit møte i Forum for auka verdiskaping i næringslivet, i møterom 101-103 i høgblokka i Regjeringskvartalet. Det er høve til å fotografere ved starten av møtet.

Lagt inn 19. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen