Historisk arkiv

Utanriksminister Vollebæk trekkjer ut OSSE-personellet i Kosovo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 45/99
19. mars 1999

Utanriksminister Vollebæk trekkjer ut OSSE-personellet i Kosovo

OSSE-formann, utanriksminister Knut Vollebæk, har i dag gjort vedtak om at OSSE-sendelaget i Kosovo (KVM) skal trekkjast ut omgåande. Vedtaket er gjort i ljos av at forhandlingane i Paris ikkje har ført fram og etter omfattande drøftingar med utanriksministrane i Kontaktgruppa og dei andre medlemmene i leiartroikaen i OSSE: Polen og Austerrike.

OSSE-formannen seier at situasjonen for dei uvæpna OSSE-observatørane gradvis er blitt forverra. Forholda har gjort det stadig vanskelegare for sendelaget å utføra sine oppgåver slik at det i dagens situasjon ikkje er forsvarleg å behalda personellet i Kosovo.

Vollebæk understrekar det ansvar jugoslaviske styresmakter har for tryggleiken til OSSE-personellet og appellerer til partane om å visa atterhald og avstå frå alle aksjonar og handlingar som kan setja personellet i fare. - OSSE-sendelaget har under vanskelege forhold ytt eit viktig bidrag til stabiliteten i Kosovo. Men som OSSE-formann og ansvarleg for tryggleiken til dei om lag 1400 internasjonale observatørane i Kosovo, har eg i den situasjonen som no har oppstått ikkje noko anna val enn å trekkja OSSE-personellet ut, seier utanriksminister Vollebæk.

Utanriksministeren beklagar sterkt det negative utfallet av forhandlingane i Paris. - Jugoslaviske styresmakter påtek seg eit stort ansvar ved å nekta å underteikna fredsavtalen, seier Vollebæk. - Dette kan føra til ei ytterlegare opptrapping av konflikten og store humanitære lidingar som resultat.

Lagt inn 19. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen