Historisk arkiv

Endringane i reglane om overtidsarbeid og stillingsvern for toppleiarar med etterlønnsavtale trår i kraft 28. februar 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 16/2003
Dato: 28.02.03

Kontaktperson: Gundla Kvam, tlf 2224 6900 eller Ragnhild Nordaas 2224 6989

Endringane i reglane om overtidsarbeid og stillingsvern for toppleiarar med etterlønnsavtale trår i kraft 28. februar 2003

Endringane i føresegnene om overtid som gjeld frå 28. februar 2003 går ut på å fjerne rammene for lovleg overtid for éi og fire samanhengande veker. Dette blir erstatta av ein allmenn regel om at den totale arbeidstida per veke, inkludert overtid, ikkje skal vere på meir enn 48 timar i gjennomsnitt rekna over ein periode på 4 månader. Ramma for maksimal tillaten overtid per år (400 timar) blir ikkje endra.

Etter dei nye reglane kan arbeidsgivarane avtale direkte med kvar enkelt arbeidstakar om å arbeide overtid opp til 400 timar i året. For å sikre tryggleik og helse for arbeidstakarane er det ikkje gjort endringar i vilkåra for å nytte overtid. Det er heller ikkje høve til å avtale overtid som ei fast ordning.

Lovendringa inneber dessutan at toppleiarar med førehandsavtale om etterlønn blir unnatekne frå stillingsvernreglane i arbeidsmiljøloven. Dersom det ikkje er gjort ein slik etterlønnsavtale, vil dei vanlege stillingsvernreglane gjelde fullt ut. Endringa får ikkje verknad for tenestemenn som er omfatta av tenestemannsloven eller for embetsmenn. Lovendringa vil berre gjelde for tilfelle der avtale om etterlønn er gjort etter at endringane er trådde i kraft 28. februar 2003.