Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Eit sterkare barnevern nær familiane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

- Tidleg førebyggjande hjelp til barn og familiar i nærmiljøet er barnevernet si viktigaste oppgåve. Barnevernet må i enda større grad samarbeide med brukarane, og utviklinga med frivillige tiltak må halde fram, sa barne- og familieminister Laila Dåvøy då ho la fram stortings- meldinga om barne- og ungdoms- vernet. (05.07.02)

Pressemelding

Nr.: 02048
Dato: 05.07.02

Stortingsmelding nr. 40 om barne- og ungdomsvernet

Eit sterkare barnevern nær familiane

- Familien er den viktigaste ramma om barn sin oppvekst,og foreldra har hovudansvaret for oppsedinga. Tidleg førebyggjande hjelp til barn og familiar i nærmiljøet er barnevernet si viktigaste oppgåve. Derfor må barnevernet i enda større grad samarbeide med brukarane, og utviklinga med frivillige tiltak må halde fram, sa barne- og familieminister Laila Dåvøy.

- Kommunane si rolle blir viktigare med førebyggjande innsats i nærmiljøet, frivillige tiltak og tettare samarbeid mellom ulike hjelpeinstansar, sa Dåvøy. Ho varsla samtidig at Regjeringa ønskjer at staten skal overta oppgåvene til fylkeskommunane på barnevernområdet. Men tidleg førebyggjande hjelp til barn og familiar der dei bur er likevel den viktigaste oppgåva i barnevernet. Derfor blir også den viktigaste oppgåva til eit statleg barnevern å hjelpe det kommunale barnevernet med å finne gode tiltak og løysingar lokalt for utsette barn og familiane deira.

Sentrale tiltak

Den nye meldinga gir ein uttømmande gjennomgang av barnevernet i Noreg med ei rekkje tiltak. Hovudvekta blir lagd på å styrkje det førebyggjande familiearbeidet og betre tilbodet for utsette barn og unge. Det skal satsast meir på moglegheiter for foreldra og familiens eigne ressursar. Foreldre skal få betre oppfølging, også der barnevernet plasserer barn utanfor heimen. Dessutan skal fosterforeldre få betre oppfølging blant anna gjennom opplæringsprogrammet "Pride". Arbeidet for barn og familiar med annan etnisk bakgrunn og einslege mindreårige asylsøkjarar skal styrkjast. Regjeringa legg også større vekt på barn sin rett til informasjon og til å få meininga si høyrt. Dessutan skal det bli større openheit i barnevernet og fylkesnemnda.

- Eg ønskjer meg eit barnevern med høg legitimitet blant brukarar, samarbeidspartnarar og folk flest. Det er viktig at vi har eit sterkt politisk medvit og engasjement rundt barnevernet, for dette gjeld utsette barn og familiar, sa Laila Dåvøy.

Ny organisasjonsmodell

Regjeringa legg til hausten fram ein odelstingsproposisjon med forslag om statleg overtaking av fylkeskommunen sine oppgåver på barnevern- og familievernområdet. Der blir det også opna for forsøk der enkelte store kommunar, eller fleire små gjennom interkommunalt samarbeid, kan ta seg av oppgåvene. Heilskapsansvaret til Oslo blir vidareført. Arbeidet er foreslått organisert etter ein forvaltningsmodell med fem regionale einingar, lokaliserte i same område som dei regionale helseføretaka. Regjeringa har lagt stor vekt på kva høyringsinstansane har meint, der nær 70% gjekk inn for statleg ansvar.

- Gode tiltak for barn og unge er eit nasjonalt ansvar. I dag er det store forskjellar i dei spesialiserte tenestene, og gjennom eit større statleg engasjement ønskjer Regjeringa å sikre eit likeverdig tilbod i heile landet, sa Laila Dåvøy.

Godkjenningsordning

I odelstingsproposisjonen vil departementet dessutan foreslå ei ny føresegn i barnevernlova som gir departementet heimel til å gi forskrifter om kvalitetskrav til og godkjenning av barneverninstitusjonar.

Lenker:

Stortingsmelding nr 40 (2001-2002) Om barne- og ungdomsvernet
Sammendrag av meldingen
Stortingsmelding nr 40 (2001-2002) Om barne- og ungdomsvernet

Til toppen