Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Fiskeridepartementet har fastsett ein kvote på 670 dyr for vågekvalfangsten i 2004. (22.09.03)

Pressemelding

Nr.: 60/2003
Dato: 22.09.2003
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P Johansen, tlf. 22 24 26 68

Kvote for fangst av vågekval i 2004

Fiskeridepartementet har fastsett ein kvote på 670 dyr for vågekvalfangsten i 2004.

Det nye bestandstalet som Vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangst­kommisjonen (IWC) kom fram til i juni 2003, er lagt til grunn, og uttaksnivået er det same som i år. Ufanga dyr frå fangsten i 2003 kan ikkje takast i 2004 då det ikkje kan overførast ubrukt kvote frå ein femårsperiode til den neste.

Kvoten er fastsett innanfor det intervallet som Viteskapskomiteen i IWC meiner vil gi fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.