Historisk arkiv

Momskompensasjon for kommunesektoren frå 1. januar 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding 120/2003

Som eit ledd i Regjeringa sitt arbeid for meir effektiv ressursbruk i kommunesektoren vert det frå årsskiftet innført ein generell meirverdiavgiftskompensasjon. (12.12.2003)

Pressemelding

Nr.: 120/2003
Dato: 12.12.03
Kontaktperson: Tor Lande, telefon 22 24 42 01/mobil 97 50 56 66

Momskompensasjon for kommunesektoren frå 1. januar 2004

Som eit ledd i Regjeringa sitt arbeid for meir effektiv ressursbruk i kommunesektoren vert det frå årsskiftet innført ein generell meirverdiavgiftskompensasjon. Den nye ordninga inneber at meirverdiavgifta ikkje lenger fører til forskjellsbehandling, enten tenestene vert kjøpte frå private, produserast av kommunen sjølv eller i samarbeid med andre kommunar. Ordninga er fastsett i ei ny lov og i ei forskrift fastsett av Finansdepartementet i dag.

Sidan kommunesektoren i all hovudsak er utanfor meirverdiavgiftssystemet, får kommunane ikkje frådrag for inngåande meirverdiavgift på sine innkjøp. Dermed blir det billigare for kommunane å produsere avgiftspliktige tenester sjølve, framfor å kjøpe dei frå private. Den nye kompensasjonsordninga fører til at meirverdiavgifta ikkje lenger utgjer ein konkurranseulempe for private aktørar eller interkommunalt samarbeid. Dette gir ein meir effektiv ressursbruk i kommunesektoren. Den nye kompensasjonsordninga er eit resultat av Sem-erklæringa. Mellom anna Sverige og Danmark har liknande ordningar. Kompensasjonsordninga vil i hovudsak bli finansiert gjennom eit eingongstrekk i kommunane sine frie inntekter.

Praktisk oppfølging

Sidan 1995 har vi hatt ei momskompensasjonsordning som er avgrensa til enkelte tenester. Den nye kompensasjonsordninga er generell og vil vere enklare og betre i bruk. Ved at kompensasjonskrava vil omfatte meirverdiavgift både på varer og tenester, unngår ein dei avgrensingsproblema ein i dag har i gjeldande ordning. Kompensasjonskrava kan sendast til avgiftsmyndigheitene (fylkesskattekontora) annankvar månad. Utbetaling skal skje innan tre veker etter at fristen for innsending av oppgåve er gått ut. Nærare reglar om innsending av kompensasjonsoppgåve er gitt i forskrift. Sjå her. Kompensasjonskrav som vert fremma annankvar månad skal sendast inn elektronisk til avgiftsmyndigheitene. Oppgåva skal attesterast av revisor, noko som kan skje elektronisk.

Forskrifta til den nye kompensasjonsloven gir utfyllande reglar også på andre områder. Forskrifta regulerer blant anna i kva tilfeller kompensert meirverdiavgift for bygg, anlegg og annan fast eigedom skal justerast ved endra bruk, eventuelt overdraging.

Som den eksisterande ordninga, inkluderer den nye generelle ordninga private produsentar av enkelte oppgåver som kommunen har et lovpålagt ansvar for. Dette gjeld ikkje-avgiftspliktige oppgåver som helse- og sosiale tenester og undervisning. For å ha rett til kompensasjon, må meirverdiavgiftskostnadane overstige 20 000 kroner i løpet av eitt kalenderår. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar skal sendast direkte til avgiftsmyndigheitene og ikkje via kommunen slik som etter dagens ordning. Dette vil føre til forbetringar i forhold til i dag, både ved at det sparer kommunane for meirarbeid, og ved at dei private som har rett til kompensasjon får kompensert meirverdiavgifta direkte frå skattemyndigheitene, og ikkje via kommunen som i dag.

Den generelle kompensasjonsordninga kan føre til nye konkurransevridingar mellom kommunale og private produsentar av tenester som ikkje er avgiftspliktige. Dette kan føre til at kommunane vil ha ei oppfordring til å eige fast eigedom framfor å leige den frå andre. For å motverke dette, vil det med verknad frå årsskiftet verte gjort ei endring av forskrift 6. juni 2001 nr. 573 om frivillig registrering av utleier av bygg eller anlegg til bruk i verksemd som er registrert etter meirverdiavgiftsloven (forskrift nr. 117). Endringa inneber at dei som leiger ut fast eigedom frivillig kan registrere seg som meirverdiavgiftspliktig for utleige til kommunane. Utleigar vil då få frådragsrett for meirverdiavgift på sine innkjøp og meirverdiavgifta blir dermed nøytralisert.

Den generelle kompensasjonsordninga trer i kraft 1. januar 2004. Det vil likevel vere ein overgangsperiode i første halvdel av 2004. Det inneber at innsending av krav for januar og februar utsetjast, slik at det skjer samtidig med krav for mars og april. Første utbetaling vert då i månadsskiftet juni/juli.