Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fullmakter til opptak av statslån i 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

91/2004

Finansdepartementet legg i dag fram proposisjonen om fullmakter til å ta opp statslån med vidare i 2005. (05.11.2004)

Pressemelding

Nr.: 91/2004
Dato: 05.11.2004
Kontaktperson: Halvor Hvideberg, telefon 22 24 44 84 / mobil 48 09 97 13

Fullmakter til opptak av statslån i 2005

Finansdepartementet legg i dag fram proposisjonen om fullmakter til å ta opp statslån med vidare i 2005.

Statens brutto finansieringsbehov i 2005 er 16 milliardar kroner og har samanheng med avdragbetalingar på statsgjelda, netto utlån til statsbankane, andre nettoutlån og kapitalinnskot med vidare. Finansieringsbehovet vil etter planen bli dekka ved opptak av nye lån innanlands.

Erfaringsmessig er det ønskjeleg å ha fleksibilitet til å kunne tilpasse låneprogrammet til skiftande forhold gjennom året. Finansdepartementet ber derfor om fullmakter til opptak av lån som samla sett overstig statens finansieringsbehov. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 50 milliardar kroner. Fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar med vidare.) og andre kortsiktige lån er foreslått halden uendra på høvesvis 120 milliardar kroner og 100 milliardar kroner.

I desember vil Finansdepartementet og Noregs Bank offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2005.

Sjå St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 7 (2004-2005) for budsjetterminen 2005 her.

Til toppen