Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 797 dyr for vågekvalfangsten i 2005. - Dette representerer ein auke i kvoten for fangst av vågekval. Det er den største kvoten sidan vågekvalfangsten blei tatt opp att i 1993, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. (22.12.2004)

Pressemelding

Nr.: 100/2004
Dato: 22.12.2004
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen, tlf. 22 24 26 68 – mob.: 99 54 00 33

Kvote for fangst av vågekval i 2005

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 797 dyr for vågekvalfangsten i 2005.

- Dette representerer ein auke i kvoten for fangst av vågekval. Det er den største kvoten sidan vågekvalfangsten blei tatt opp att i 1993, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Kvoten for 2005 er samansett av ein årleg basiskvote på 670 og eit tillegg på 127 ufanga dyr frå fangsten i 2004.

Kvoten er innanfor det intervallet som Vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) meiner vil gi fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Norske forskarar arbeider med ein revisjon av den kvoteberekningsmodellen som IWCs vitskapskomité tilrådde i 1992. Når dette arbeidet er gjort, vil det venteleg gi grunnlag for å sette større kvoter.