Historisk arkiv

Omdanning av produksjonen i Kystverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa sende 5. november framlegg til Stortinget om å omdanne produksjonsverksemda i Kystverket til eit statleg aksjeselskap frå 1.1.2005. Dette er ein ledd i regjeringa sitt arbeid for modernisering, effektivisering og omstilling i offentleg sektor. Etableringa av det nye selskapet legg grunnen for ei effektivisering der samfunnet får meir att for kvar krone staten løyver til føremålet. (05.11.04)

Pressemelding

Nr.: 61/2004
Dato: 05.11.04

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37/ 91 54 42 35

Omdanning av produksjonen i Kystverket

Regjeringa sende 5. november framlegg til Stortinget om å omdanne produksjonsverksemda i Kystverket til eit statleg aksjeselskap frå 1.1.2005. Dette er ein ledd i regjeringa sitt arbeid for modernisering, effektivisering og omstilling i offentleg sektor. Etableringa av det nye selskapet legg grunnen for ei effektivisering der samfunnet får meir att for kvar krone staten løyver til føremålet.

Framlegget frå regjeringa om å omdanne produksjonsverksemda til statsaksjeselskap inneber eit klårt skilje mellom Kystverket sine oppgåver som styresmakt og produksjonsverksemda. Samstundes opnar dette, etter ein omstillingsperiode, for konkurranse om utbygging og vedlikehaldsoppgåver knytt til fiskerihamner, farleier og større navigasjonsinstallasjonar.

Verksemda har i dag ei omsetning på ca. 145 millionar kroner.

Grunnlaget for omdanninga og nærare detaljar finst i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (2004-2005).