Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Betre skadebotreglar ved flyulykker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Montreal-konvensjonen om internasjonal luft-transport inneber at reglane om skadebot til passasjerar etter flyulykker blir betre. Regjeringa gjer difor framlegg om at Noreg skal bli medlem av konvensjonen.(28.11)

Pressemelding

Nr.: 86 - 2003
Dato: 28.11.2003

Betre skadebotreglar ved flyulykker

Regjeringa gjer framlegg om at Noreg skal bli medlem av Montreal-konvensjonen om internasjonal lufttransport. Det inneber at reglane om skadebot til passasjerar etter flyulykker blir betre.

Skadebot for passasjerar og andre etter ulykker i luftfarten er i dag regulert i Warszawa-konvensjonen, som opphavleg er frå 1929. Reglane der er ikkje lenger i tråd med dagens behov, og i 1999 blei ein ny konvensjon om skadebotansvar i luftfarten vedtatt i Montreal.

Regjeringa gjer no framlegg om at Noreg skal slutte seg til Montreal-konvensjonen frå 1999. Dette inneber at reglane om skadebot til passasjerar etter flyulykker blir betre, mellom anna ved at det ikkje lenger skal gjelde bestemte maksimumsgrenser for slikt ansvar. Innanfor EØS-området får dei nye reglane mindre å seie, fordi det allereie etter reglane i EU-retten er vedteke liknande reglar som i Montreal-konvensjonen.

Til toppen