Historisk arkiv

Forsøk med politikvittering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

- Forsøksordninga med kvittering, saman med vidare forsking, vil vonleg vise om ei slik ordning kan betre tilliten til politiet, eller om den ikkje er naudsynt, seier justisminister Dørum.(27.06)

Pressemelding

Nr.: 49 - 2003
Dato: 27.06.2003

Forsøk med politikvittering

Regjeringa går inn for å setje i gang eit tidsavgrensa forsøk med såkalla kvitteringsordning – ei ordning der ein kan be om kvittering etter å ha blitt kontrollert av politiet. Samstundes vert det gjort framlegg om å setje i gang eit forskingsprosjekt som skal undersøkje forholda mellom politiet og etniske minoritetar.

Dette kjem fram i ei stortingsmelding regjeringa fremma i statsråd i dag. Bakgrunnen for framlegget er eit vedtak i Stortinget i fjor sommar der regjeringa vart beden om å gjera framlegg om ei kvitteringsordning. I vedtaket vart det bede om at ordninga sikra at personar som blir visiterte får ei kvittering på staden, der typen kontroll, tid, stad og tenestenummer til den som kontrollerer, går fram av kvitteringa.

Politiet har stor tillit i det norske folket, viser dei halvårlege meiningsmålingane frå MMI.

- Dette er noko vi skal ta vare på. Denne tilliten er heilt naudsynt for at politiet skal kunne utføre sine viktige oppgåver til beste for alle. Forsøksordninga med kvittering, saman med vidare forsking, vil vonleg vise om ei slik ordning kan betre tilliten til etaten, eller om den ikkje er naudsynt, seier justisminister Odd Einar Dørum.

Forsøksordninga vert gjennomført som eit tidsavgrensa prøveprosjekt i to politidistrikt, eventuelt delar av politidistrikta. Justisdepartementet meiner Søndre Buskerud politidistrikt, med Drammen som ein relativt stor by i norsk samanheng, er godt eigna som prøvedistrikt. Kontaktforum mellom Politidirektoratet og etniske minoritetar sine organisasjonar skal konsulterast i arbeidet med å planleggje prosjektet. Direktoratet får også til oppgåve å greie ut konsekvensar av bruk av synlege tenestenummer på politiuniformene, med sikte på ei mogeleg utprøving av slike nummer i samband med prøveprosjektet.