Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Sjef for Nye Kripos tilsatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Odd Olsen Ingerø er i statsråd i dag tilsatt på åremål som sjef for Den nasjonale eininga for kamp mot organisert og annan alvorleg kriminalitet – Nye Kripos. (07.01)

Pressemelding

Nr.: 3 – 2005
Dato: 07.01.2005

Sjef for Nye Kripos tilsatt

Odd Olsen Ingerø (Foto: Sysselmannen på Svalbard)Odd Olsen Ingerø er i statsråd i dag tilsatt på åremål som sjef for Den nasjonale eininga for kamp mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Nye Kripos). Tilsettinga gjeld for ein periode på 6 år.

Odd Olsen Ingerø er 54 år og utdanna cand jur. Han har i perioden 2001 og fram til nå vore sysselmann på Svalbard. Odd Olsen Ingerø har arbeidd i Justisdepartementet. Han har vore politifullmektig og konstituert politimester både i Sør-Varanger og Fredrikstad politidistrikt. Han har i tillegg arbeidd som dommerfullmektig og statsadvokatfullmektig.

Da søknadsfristen gikk ut hadde det meldt seg ni søkjarar til stillinga som sjef for Nye Kripos.

Ved kongeleg resolusjon av 24.september 2004 vedtok regjeringa å legge ned Kriminalpolitisentralen og opprette eit nytt særorgan frå 1. januar 2005: Den nasjonale eininga for kamp mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Nye Kripos).

Hovudoppdraget for det nye særorganet er kamp mot den grove, organiserte kriminaliteten. Det nye særorganet vil få vesentlege endringar i ansvarsområde, myndigheit og innhald samanlikna med dagens Kriminalpolitisentral.

Nye Kripos skal kunne opne etterforsking innan saksfeltet og gje bistand til politidistrikta utover dei bistandsoppgåvene som Kriminalpolitisentralen allereie har i dag.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Karen Alette Melander 2224 5200, 911 16 266

Til toppen