Historisk arkiv

Etiske retningsliner for marknadsføring av statlege pengespel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa vedtok fredag nye retningsliner for marknadsføring av dei statlege pengespela. ( 10.06.05)

Pressemelding

Nr.: 05/99
Dato: 10.06.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Henning Gorholt, tlf 22 24 78 10

Etiske retningsliner for marknadsføring av statlege pengespel

Regjeringa vedtok fredag nye retningsliner for marknadsføring av dei statlege pengespela. Retningslinene er ledd i regjeringas handlingsplan mot uheldig speleåtferd som vart lagt fram i april i år.

- Vi tar dei negative sidene ved pengespel på alvor. Det er viktig at marknadsføringa av dei statlege pengespela i regi av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skjer på ein samfunnsmessig forsvarleg måte som hindrar uheldig speleåtferd, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. – Dei etiske retningslinene for marknadsføring som no er vedtatt, skal setja grenser for korleis Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kan marknadsføra pengespela sine, seier kulturministeren.

I dei nye retningslinene heiter det at marknadsføringa av pengespel ikkje må vera villeiande. Vinnarsjansane må framstillast på ein korrekt og balansert måte, slik at spelarane ikkje får inntrykk av at vinnarsjansane er større enn dei i realiteten er. Marknadsføringa må heller ikkje framstå slik at spel kan løysa personlege økonomiske problem, at pengespel bidrar til personleg lukke mv. Marknadsføringa må ikkje vera urimeleg påtrengjande eller aggressiv.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal føra kontroll med marknadsføring av dei statlege pengespela.

Retningslinjer for markedsføring av statlige kontrollerte pengespill