Historisk arkiv

Enklare innkvarteringsreglar etter avslag på søknad om asyl

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 09.09.2005

Det skal ikkje lenger være høve til å klage på Utlendingsdirektoratet sitt vedtak om at butilbodet i mottak fell bort, og vedtaket skal i seg sjølv være eit særleg tvangsgrunnlag for utkasting frå mottaket. (09.09.2005)

Pressemelding

Nr.: 204/2005
Dato: 09.09.2005

Enklare innkvarteringsreglar etter avslag på søknad om asyl

Regjeringa sender i dag over eit forslag til Stortinget om å endre utlendingslova. Eit endeleg avslag på søknad om asyl skal få handfaste konsekvensar raskare enn i dag. Det skal ikkje lenger være høve til å klage på Utlendingsdirektoratet sitt vedtak om at butilbodet i mottak fell bort, og vedtaket skal i seg sjølv være eit særleg tvangsgrunnlag for utkasting frå mottaket.

- Med dette forslaget vil det gå fram av lova at vedtaket kan effektuerast av namsmannen, dersom vedtaket ikkje blir etterlevd, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

I tillegg foreslår regjeringa at det skal gå fram av utlendingslova at alle som søkjer asyl i Noreg skal få tilbod om innkvartering i eit asylmottak så lenge søknaden er til behandling. Dette er i tråd med langvarig og fast praksis. Vidare skal det lovfestast at dei som har fått avslag på søknad om asyl og samarbeider om retur, kan få enklare innkvartering på mottak inntil utreise skjer.

Endringsforslaga er nærare omtalt her:

Ot.prp. nr. 112 (2004-2005)
Om lov om endringer i utlendingsloven (innkvartering ved søknad om asyl mv.)