Historisk arkiv

Norsk er nøkkelen til integrering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 240/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Norsk er nøkkelen til integrering

Frå 1. september 2005 har innvandrarar fått lovheimla rett og/eller plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

– Å kunne norsk er nødvendig for å kunne ta aktivt del i samfunnet, for å kunne skaffe seg informasjon og for å kunne konkurrere om arbeid, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. – Å leggje til rette for at innvandrarar lærer språket er også viktig for at samfunnet skal kunne dra nytte av dei ressursane innvandrarane har, og få del i erfaringane deira.

Det er viktig at både mor og far meistrar norsk og har kjennskap til det norske samfunnet for at dei skal kunne følgje opp skolegangen til barna og fylle rolla som foreldre i Noreg.

– Når språket er ein så viktig føresetnad for å kunne delta i samfunnet og kunne ta vare på sine eigne interesser og interessene til familien, må samfunnet sende eit tydeleg signal om at alle som skal bu i Noreg, må lære seg norsk så snart som råd, seier Erna Solberg.

Fram til 1. september i år har det vore opp til kvar einskild innvandrar å velje om han eller ho vil delta i norskopplæring eller ikkje. Det er det slutt på no.

Innvandrarar må no gjennomføre 300 timar med opplæring i norsk og samfunnskunnskap i løpet av dei tre første åra i Noreg. All norskopplæring skal skje i løpet av dei fem første åra. Alle skal delta i 250 timar norskopplæring og 50 timar opplæring i samfunnskunnskap. Innvandrarar som treng meir enn 250 timar for å lære norsk, kan få opptil 2700 timar i tillegg.

Arbeidsinnvandrarar har plikt til å delta i denne opplæringa, men dei har ikkje rett til gratis opplæring . Gjennomført 300 timar opplæring eller tilstrekkelege kunnskapar i norsk er ein føresetnad for å kunne få busetjingsløyve (permanent opphald) og statsborgarskap.

Det er kommunane som har ansvaret for at innvandrarar får den opplæringa introduksjonslova gir dei rett til og plikt til å delta i.

– Det er nødvendig å betre kvaliteten og resultata i norskopplæringa, og samtidig er det behov for å forenkle finansieringsordninga og gjere ho meir fleksibel og resultatorientert, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Regjeringa har no innført ei ny finansieringsordning. Med denne ordninga vil kommunane få tilskot per person som har rett og plikt til å delta i opplæring, uavhengig av korleis tilbodet blir organisert.

Kommunane vil i 2006 få eit tilskot på 34 020 kroner for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand, og 90 730 kroner for personar frå andre land. Tilskotet blir utbetalt over fem år, med hovudvekt på dei første tre åra. For å stimulere til at tilbodet får god kvalitet, har regjeringa også innført eit resultattilskot på 10 000 kroner som kommunane får for kvar deltakar som går opp til den avsluttande prøva i norsk med tilfredsstillande resultat. Kommunar med få personar som utløyser tilskot, og der interkommunalt samarbeid ikkje er praktisk mogleg, kan søkje Fylkesmannen om særskilde skjønnsmidlar knytte til denne ordninga.

Det er også fastsett ein ny læreplan for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Læreplanen gir rammene for korleis opplæringa skal organiserast, fastset måla for språkopplæringa og gjer det klart kva emne ein skal ta opp i samfunnskunnskap.

– Eg er glad for at vi no har fått sett denne store reforma for betre integrering ut i livet, avsluttar Erna Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.