Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Godkjenning av plan for utbygging og drift av Skirne og Byggve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 86/02
Dato: 05.07.2002

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Godkjenning av plan for utbygging og drift av Skirne og Byggve

I statsråd i dag vart plan for utbygging og drift av Skirne og Byggve godkjent. Skirne og Byggve er to små gass- og kondensatfunn som ligg respektive 24 og 16 km øst for Heimdalplattforma. Dei samla utvinnbare ressursane er rekna til 6,7 milliardar Sm³ gass og 1,6 millionar Sm³ kondensat. Rettighetshaverane i Skirne- og Byggve-lisensen er TotalFinaElf Exploration Norge AS (operatør) 40 prosent, Petoro AS 30 prosent, Marathon Petroleum Norge A/S 20 prosent og Norsk Hydro Produksjon a.s 10 prosent.

-Utbygginga av Skirne og Byggve er viktig for å oppretthalde aktivitetsnivået på norsk sokkel. Dette vil representere ei gunstig utnytting av eksisterande røyrleidningssystem og anna infrastruktur for produksjon og eksport av gass og kondensat, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs.

Skirne og Byggve er planlagt utbygd som ei undervassutbygging med oppkopling til Heimdalplattforma. Utbygginga vil bestå av ein brønn i ei produksjonsramme for kvart funn og ein 24 km lang felles røyrleidning frå Heimdalplattforma til dei to felta. Behandling av brønnstrømmen vil bli gjort på Heimdalplattforma og ein vil gjere bruk av eksisterande og planlagde røyrleidningssystem til eksport av gass og kondensat frå Heimdalplattforma. Skirne og Byggve er planlagt å komme i drift fjerde kvartal 2003.

Dei totale utbyggingskostnadene for Skirne- og Byggve-prosjektet er av operatøren rekna til 1,7 milliardar kroner (2001-kroner)

Til toppen