Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Avslag på søknad om kraftutbygging i Hattebergvassdraget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding der ein rår Stortinget til å stadfeste tidlegare avslag om kraftutbygging i Hattebergvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. (11.04.03)

Pressemelding

Nr.: 44/03
Dato: 11.04.03

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Avslag på søknad om kraftutbygging i Hattebergvassdraget

Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding der ein rår Stortinget til å stadfeste tidlegare avslag om kraftutbygging i Hattebergvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland.

Kvinnherad Energi AS har søkt om løyve til å ruste opp og utvide Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget. Hattebergelva er i dag bygd ut med ein kraftstasjon i dagen inst i Muradalen, og dei to magasina Prestavatnet og Svartavatnet. Årleg produksjon i kraftverket er om lag 8,5 GWh. Området ligg i nærleiken til Folgefonna og Baroniet i Rosendal.

Olje- og energidepartementet fatta i juni 2001 vedtak om å avslå søknaden om ytterlegare regulering av Svartavatnet og om å byggja nytt Muradalen kraftverk.

Kvinnherad Energi AS har kravd at saka skal leggast fram for Stortinget.

Regjeringa kan ikkje sjå at saka står i ei anna stilling no enn då det vart fatta vedtak om å gje avslag. Det vert særleg lagt vekt på at omsynet til nasjonale verneverdiar i området må få avgjerande vekt. Stortinget vert difor rådd til å stå fast ved avslaget på konsesjonssøknaden.

- Hattebergvassdraget har ein unik nærskap til Folgefonna og Baroniet i Rosendal, og i denne saka står det om viktige nasjonale verneverdiar. Det er difor viktig at Regjeringa rår Stortinget til å vektlegge så sentrale miljøomsyn, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs.

Til toppen