Historisk arkiv

Nye trafikkreglar: Kurve- og tåkelys skal ikkje nyttast saman med nærlys

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

For køyring med bil og motorsykkel skal det i framtida ikkje vere lov til å nytte påtente kurve- og tåkelys saman med bruk av nærlys. Dette går fram av ei endring i trafikkreglane som setjast i verk med verknad frå 1. juli 2002. (14.12.01)

Pressemelding

Nr.: 140/2001
Dato: 14.12.01

Nye trafikkreglar: Kurve- og tåkelys skal ikkje nyttast saman med nærlys

For køyring med bil og motorsykkel skal det i framtida ikkje vere lov til å nytte påtente kurve- og tåkelys saman med bruk av nærlys.

Dette går fram av ei endring i trafikkreglane. Endringa blei godkjendt i statsråd i dag og skal setjast i verk med verknad frå 1. juli 2002.

Den nye regelen har samanheng med at bruk av kurve- og tåkelys saman med nærlys er blitt meir vanleg fordi mange nye bilar har kurve- og tåkelys som automatisk blir tente saman med nærlysa. Når kurve- og tåkelys blir brukte saman med nærlys, kan dette verke uheldig for møtande bilistar som berre har tent på nærlysa. Møtande bilistar kan nemleg i slike tilfelle bli blenda eller få redusert siktstrekninga ved køyring i mørke. Dette kan igjen vere med å gjere trafikken mindre trygg.

Forenkla førelegg – for feil lysbruk

I statsråd i dag er det ellers vedtatt ei forskriftsendring som førar til at det kan ileggjast forenkla førelegg for feil lysbruk ved kjøyring med motorvogn, det vil seie mellom anna bil, motorsykkel og snøskuter. Denne endringa omfattar mellom anna feil bruk av kurve- og tåkelys, og skal setjast i verk frå 1. juli 2002.

Etter den ordninga som i dag gjeld for handhevinga av reglane for feil lysbruk, skal slike regelbrot meldast til politiet. Regjeringa meiner at ei slik handheving er lite effektiv og føremålstenleg, og legg derfor i staden opp til bruk av forenkla førelegg.


For nærmare opplysningar – sjå:

"Forskrift om endring i forskrift 21. mars 1986 nr. 747 om kjørende og gående trafikk (trafikkregler)”, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

"Forskrift av 14. desember 2001 om endring i forskrift 29. juni 1990 nr. 492 om forenklet forelegg i vegtrafikksaker", fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.