Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nye trafikkreglar - for tryggare køyring med snøskuter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Det skal som hovudregel vere forbode å køyre på offentleg veg med snøskuter, eller såkalla beltemotorsykkel. For køyring med snøskuter i terrenget skal det vere ei fartsgrense på 70 kilometer i timen. (14.12.01)

Pressemelding

Nr.: 141/2001
Dato: 14.12.01

Nye trafikkreglar – for tryggare køyring med snøskuter

Det skal som hovudregel vere forbode å køyre på offentleg veg med snøskuter, eller såkalla beltemotorsykkel. For køyring med snøskuter i terrenget skal det vere ei fartsgrense på 70 kilometer i timen.

Dette er nokre av dei viktigaste nye reglane i forskrifter som gjeld køyring med snøskuter eller beltemotorsykkel. Endringane vart vedtekne i statsråd i dag og skal setjast i verk med verknad frå 1. juli 2002.

Dei nye reglane legg opp til at det lokale vegkontoret, i visse tilfelle og på visse vilkår, kan gjere unntak frå hovudregelen om forbod mot køyring med snøskuter på offentleg veg. Etter dei nye reglane kan det elles gjerast unntak for politi- og ambulansekøyring og annan utrykkingsteneste og for mellom anna køyring som er ein nødvendig del av reindrift, husdyrbruk eller skogbruk.

I dei særlege tilfella der det ikkje er forbode å køyre med snøskuter på offentleg veg, skal fartsgrensa for slik køyring vere 30 kilometer i timen.

Samferdselsdepartementet legg elles opp til at det med det første skal innførast eit påbod om å bruke hjelm under køyring i terrenget med beltemotorsykkel eller snøskuter. Departementet tar sikte på at eit slikt forbod skal gjelde frå 1. juli 2002.


For fleire opplysningar – sjå:

Forskrift om forbud mot bruk av beltemotorsykkel (snøscooter) på offentlig veg, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

Forskrift om kjøring med motorvogn i terrenget og på veg ikke åpen for alminnelig ferdsel, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

Forskrift om endring i forskrift 21. mars 1986 nr. 747 om kjørende og gående trafikk (trafikkregler), fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

Til toppen