Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Anbod for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av flyruter på stekningar i Finnmark og Nord-Troms. Anboda gjeld for perioden 7. juli 2004 – 31. mars 2007. (04.12.03)

Pressemelding

Nr.: 135/03
Dato: 04.12.03

Anbod for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms

Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod for drift av flyruter på stekningar i Finnmark og Nord-Troms. Flyselskap i alle EØS-land er inviterte til å levere anbod. Anboda gjeld for perioden 7. juli 2004 – 31. mars 2007.

Anbodskontraktane omfattar "ruteområde 1" (ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta, i tillegg til Vardø - Kirkenes) og "ruteområde 2" (Hasvik - Tromsø, Hasvik - Hammerfest, Sørkjosen - Tromsø).

Widerøe trafikkerer i dag desse rutestrekningane. Utlysning av anbod har samanheng med at Widerøe i juli i år varsla at selskapet ville innstille drifta på desse rutestrekningane med verknad frå 7. juli 2004.

Einerett til drift av flyrutene blir gitt til det flyselskapet som har det lågaste krav til godtgjerelse frå staten.

Flyselskap som får eienrett til drift av rutene må ha gyldig lisens for drift av flyselskap i EØS-området. I tillegg må innleverte anbod oppfylle dei krav som Samferdselsdepartementet har fastsett for drift av rutene. Slike krav omfattar mellom anna billettprisar, setekapasitet og krav om kor mange flygningar det skal vere per dag eller per veke på dei aktuelle strekningane.

Frist for innlevering av anbod er sett til 5. januar 2004. Val av flyselskap vil tidlegast skje 5. mars i 2004, med sikte på at trafikken skal ta til frå 7. juli 2004.



Til redaksjonen
For meir informasjon, sjå "Anbudsinvitasjon" av 4. desember 2003, frå Samferdselsdepartementet (i pdf-format) på norsk og engelsk.

Sjå også pressemelding på engelsk

Til toppen