Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Gro Seim - ny avdelingsdirektør og leiar for Baneseksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Sjølvstendig næringsdrivande Gro Seim er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet, der ho skal vere leiar av Baneseksjonen, i Veg- og baneavdelinga. (09.05.03)

Pressemelding

Nr.: 49/03
Dato: 09.05.03

Samferdselsdepartementet: Gro Seim – ny avdelingsdirektør og leiar for Baneseksjonen

Sjølvstendig næringsdrivande Gro Seim, Bærum, er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet, der ho skal vere leiar av Baneseksjonen, i Veg- og baneavdelinga.

Ho er 51 år, utdanna som siviløkonom i 1976 og som sivilingeniør frå NTH i Trondheim i 1982. I åra 1972-73 var ho tilsett i Akergruppen/Nyland verksted med oppgåver innanfor programmerings- og systemarbeid. Gro Seim var i perioden 1982-1996 tilsett i ulike leiarstillingar i Statoil. Ho var i tida 1996-1998 tilsett som direktør i Statens jernbanetilsyn, og frå 1998 til 2000 var ho tilsett som prosjektdirektør i Statoil. Sidan 2000 har ho drive sitt eige rådgivingsfirma SeimCo.

--------


Baneseksjonen i Samferdselsdepartementet har ansvar for saker som gjeld skinnegåande transport og taubaner og rammevilkår for jernbanesektoren. Seksjonen har også ansvar for etatsstyring av Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn og forvaltning av staten sine eigarinteresser i NSB AS og Flytoget AS.

I tillegg har Baneseksjonen ansvar for budsjett- og økonomisaker, forhandlingar om statlege kjøp av persontrafikktenester på jernbanen. Seksjonen arbeider dessutan med analysar og utgreiingar som gjeld jernbanesektoren, internasjonale jernbanespørsmål, tilsynsoppgåver, langtidsplanar, lov- og forskriftsarbeid i banesektoren og andre juridiske og administrative saker.

Til toppen