Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Regjeringa styrker rettstryggleiken i pleie- og omsorgstenestene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Sosialdepartementet

Regjeringa vil gi institusjonsbebuarar i pleie- og omsorgssektoren betre høve til å vurdere om tenestetilbodet tilfredsstiller deira behov, og gjere det enklare å klage. I ei stortingsmelding som blir lagt fram i dag, foreslår regjeringa difor å styrke brukarane sin rettstryggleik i tillegg til fleire tiltak for å betre kvaliteten i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene (27.06.03).

Pressemelding

Nr.: 29
Dato: 27.06.03

Regjeringa styrker rettstryggleiken i pleie- og omsorgssektoren

Regjeringa vil gi institusjonsbebuarar i pleie- og omsorgssektoren betre høve til å vurdere om tenestetilbodet tilfredsstiller deira behov, og gjere det enklare å klage. I ei stortingsmelding som blir lagt fram i dag, foreslår regjeringa difor å styrke brukarane sin rettstryggleik i tillegg til fleire tiltak for å betre kvaliteten i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene.

-Det er behova til den einskilde bebuar som må vere styrande for innhaldet i tenestetilbodet. Brukaren skal ikkje berre få eit vedtak om sjukeheimsplass, men og eit vedtak som seier kva slags pleietilbod han eller ho får. Det gir auka tryggleik for brukarar og pårørande, seier sosialminister Ingjerd Schou.

Regjeringa foreslår at kommunane må utarbeide spesifiserte einskildvedtak, også for dei som bur i institusjon, slik det i dag blir gjort for dei som mottar tenester heime eller i omsorgsbustad. På det viset vil brukarane og dei pårørande få betre høve til å vurdere om dei einskilde delane av tenestetilbodet tilfredsstiller behova, og om dei lovfesta rettane blir sikra på ein tilfredsstillande måte.

Det er den kvaliteten den einskilde brukaren opplever, individuelt tilpassa tenester og betre rettstryggleik for brukarane i pleie- og omsorgstenestene, som er hovudtema i stortingsmeldinga om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene.

-Vi veit at det blir gjort mykje godt arbeid rundt omkring i kommunane for at eldre skal få eit godt og verdig liv. Skilnader i kvalitet i og mellom kommunar kan i hovudsak førast tilbake til ulik kompetanse, grunnbemanning, leiing og organisering, saksbehandling og bygningsmessige forhold, seier sosialminister Ingjerd Schou.

-I tillegg ser vi at svært mange kommunar ikkje har innført kvalitetssystem som vil sikre at brot på rutinar blir avdekt og retta opp.

Regjeringa vil samarbeide med kommunane om kvalitetsutvikling i pleie- og omsorgstenestene, og har inngått ei avtale med Kommunenes Sentralforbund om dette. I tillegg satsar ein på tiltak for å styrke leiing og betre organisering, rekruttering og kompetanseheving. Vidare satsar ein på auka rettstryggleik, betre tilsyn og kontroll og eit enklare og betre regelverk. Ein legg også vekt på at kommunane skal få større valfridom.

Viktige tiltak er:

Ny kvalitetsforskrift for både kommunehelsetenesta og sosialtenesta, frå 1. juli 2003.

Harmonisering av lov- og regelverk for helse- og sosialtenestene i kommunane.

Krav om einskildvedtak for institusjonsbebuarar.

Forpliktande samarbeid mellom kommunane og staten om kvalitetsutvikling.

Utvikling av kvalitetsindikatorar og gjennomføring av brukarundersøkingar.

Offentliggjering av kommunane sine resultat når det gjeld kvalitet i ein nasjonal web-portal.

Opplæring i saksbehandling – målet er at alle kommunar skal få tilbod om slik opplæring i løpet av 2004.

Tiltak for betre kompetanse og rekruttering til sektoren.

Tiltak for betre leiing og kvalitetsutvikling i kommunane.

Styrke kommunane sin tingarkompetanse og legge til rette for konkurranseutsetjing gjennom oppretting av ein eigen nettstad, som vil gi kommunane fagleg og praktisk kunnskap om bruk av konkurranse i pleie- og omsorgstenestene.

Til toppen