Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Regjeringa slettar Benin si gjeld til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke å slette heile Benin si gjeld til Noreg, om lag 233 millionar kroner. (29.08.2003)

Pressemelding

Nr.: 149/03
Dato: 29.08.2003

Regjeringa slettar Benin si gjeld til Noreg

Regjeringa har i dag vedteke å slette heile Benin si gjeld til Noreg, om lag 233 millionar kroner. Medrekna denne avtalen er over 1,2 milliardar kroner av u-landa si gjeld til Noreg sletta.

Avtalen byggjer på ein multilateral rammeavtale som er inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – i april i år. Benin fekk her sluttbehandlinga si under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldsramma landa (det såkalla HIPC-initiativet).

Etter Parisklubbavtalen pliktar Noreg å gje Benin ein gjeldsreduksjon på 37 prosent, eller om lag 86 millionar kroner. På friviljug basis vel regjeringa likevel å slette heile gjelda til Benin. Det ekstra tilskotet blir dermed på heile 147 millionar kroner.

Gjelda har opphavet sitt i norske leveransar og eksportkredittgarantiar til oljesektoren i Benin.

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett blir belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Benin er det andre landet som får sletta all gjelda si til Noreg, etter Tanzania.

Til toppen