Historisk arkiv

Nytt internasjonalt ungdomsdatanettverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 96138
27.11.96

Eurodesk:

Nytt internasjonalt ungdomsdatanettverk

Statssekretær Ingunn Yssen i Barne- og familiedepartementet opna det fleirnasjonale datanettverket, Eurodesk, i Oslo i dag.

- Eurodesk vil knyte ungdom og ungdomsleiarar i Noreg saman med resten av Vest-Europa,sa Yssen under opninga.

- Dersom fleire ungdomar får høve til å arbeide, gå på skule og lære av kvarandre over landegrensene motverkar det tendensar til rasisme og nasjonalisme. Eg vonar Eurodesk vil stimulere til meir aktivitet mellom europeisk ungdom, sa statssekretær Ingunn Yssen.

Eurodesk er eit fleirnasjonalt nettverk som skal leggje til rette informasjon om EU/EØS sin politikk og program som er knytt til ungdom, utdanning og opplæring. Basen er eit tilbod til dei unge som treng tips om til dømes finansiering av prosjekt eller som vil studere i eit anna EU/EØS-land. Dei unge vil få svar på stipendordningar og andre spørsmål om EU/EØS.

Eurodesk er til for personar som er engasjert i ungdomsarbeid.

Det einskilte medlemslandet legg inn informasjon om sine organisasjonar, støtteordningar og dokument i ein database. Sentralt i Brüssel vil det verte lagt inn informasjonen om EU. I databasen ligg det også opplysningar om ulike støtteordningar til prosjekt ungdom kan søkje hjelp frå.

Barne- og familiedepartementet og EU finansierer Eurodesk i Noreg.

Yssen ventar seg mykje av Eurodesk.

- Eurodesk er både eit europeisk og nasjonalt informasjonsnettverk for ungdom. Ungdom vil heretter lettare kunne få tak i informasjon om moglegheitane som finst for dei, samstundes vil nettverket betre kontakten mellom ungdom og ungdomsorganisasjonar på tvers av landegrensene, understreka Ingunn Yssen.

E-post adresse: eurodesk@sn.no

Lagt inn 27 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen