Historisk arkiv

Stor auke i barnehageplanlegginga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97063
27.05.97

Stor auke i barnehageplanlegginga

I følgje ein fersk delrapport set fleire og fleire kommunar i gang arbeidet med ein kommunal barnehageplan. Dette tolkar eg slik at stadig nye kommunar ser kor nødvendig det er å kartleggje det reelle barnehagebehovet i kommunen for å nå målet om full behovsdekning. Fleire barnehagar er bra for barna, og i tillegg naudsynt for at samfunnet skal kunne dra nytte av den ressursen kvinneleg arbeidskraft representerer, sa barne- og familieminister Sylvia Brustad då ho opna Barnehageveka-97 i Oslo tysdag.

Statsråden viser til ein fersk delrapport om barnehageplanlegging, basert på ei ny spørjeundersøking i 70 kommunar vinteren 1997. Rapporten inngår i eit større arbeid, og hovudrapporten vil vere klar i løpet av august.

Undersøkinga er ei direkte oppfølging av departementet si gransking våren 1996 av barnehageplanlegging i kommunane. Den viste at heile 129 kommunar ikkje hadde nokon plan for behovsdekning i løpet av 1990-åra. Spørjeundersøkinga blant 70 av dei 129 kommunane syner at nær halvparten no har eller er i full gang med å utarbeide ein barnehageplan. Talet på kommunar som ikkje har eller har sett i gang ein plan for behovsdekning er redusert frå rundt 30 til nær 20 prosent på godt under eit år.

Eg ser ikkje bort frå at medieomtala i fjor om mangelen på barnehageplanar i mange kommunar har medverka til å få fortgang i arbeidet, seier Sylvia Brustad.

Trass i den positive utviklinga er det framleis ein del kommunar som ikkje har laga planar for korleis dei skal nå målet om full barnehagedekning. Kommunane peikar på fleire årsaker til det. Særskilt framhevar dei sin økonomiske situasjon og mangel på pengar til å drive nye barnehagar. I tillegg prioriterer mange kommunar å gjennomføre grunnskulereformen.

Det verkar framleis som det går noko trått for ein del kommunar. Men eg er overtydd om at når kommunane har Reform-97 på plass, vil dei sjå at den reformen også er ein barnehagereform. Det vil måtte føre til at barnehagane vil få eit sterkare løft, seier barne- og familieministeren.

Vi får mange signal som viser at lokalpolitikarane har interesse for og kunnskap om barnehagesektoren, men at ein del av dei samstundes nedprioriterar dette arbeidet. For å nå målsettinga om barnehageplass til alle som ynskjer det må både Staten og kommunane bidra med sitt, understreker Sylvia Brustad.

Lagt inn 27 mai av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen