Historisk arkiv

Stortingsproposisjon om investeringar i forsvaret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Pressemelding

Dato: 02.05.1997
Nr 018/97

Stortingsproposisjon om investeringar i forsvaret

Regjeringa har i statsråd i dag fremma St prp nr 57 (1996-97) Om investeringar i Forsvaret. Stortingsproposisjonen behandlar ei rekkje ulike område av investeringane til Forsvaret og endringar og tillegg i investeringsprogramma. Dei sentrale sakene er utlån av NASAMS-batteri til Nederland, ei omfattande endring av Kystartilleriet sitt undervassforsvar, innkjøp av nye middelstunge transportfly, ei samarbeidsavtale om Joint Strike Fighter og situasjonen for den gjenverande flysamlinga på Gardermoen.

Luftvernutstyr

Forsvarsdepartementet vurderer ein førespurnad frå den norske/amerikanske gruppa Hughes Aircraft Company og KONGSBERGGRUPPEN ASA om å låne ut luftvernutstyr tilsvarande to NASAMS-batteri (Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System) til det nederlandske luftforsvaret for ein periode på to år. Eit slikt utlån vil ha fleire positive verknader både for Noregs tilhøve til ein sentral alliert, for utviklinga i det norske luftforsvaret, og for det norske forsvarsindustrielle miljøet. Det vil vere verdifulle gevinstar å hente ved utvikling av felles luftverndoktriner og operative konsept, samarbeid om kompetanseutvikling samt drift og vedlikehald av materiellet. Eit slikt utlån vil ikkje påverke innfasinga av materiellet i den norske forsvarsstrukturen, men to av dei seks planlagde batteria vil mellombels vere utanfor landet sine grensar.

Kystartilleriet sitt undervassforsvar

Av operative årsaker er det planer om å redusere omfanget av materiell- og bygg- og anleggsprosjektet Kystartilleriet sitt undervassforsvar. Dette krev dels omfattande omstilling av materiellplanar og av lokalisering av forta. Den nye operative vurderinga baseres på at trusselbiletet i dei seinare åra er endra, og at varslingstida har auka som følgje av utviklinga i Europa sidan 1989. Røynslene frå Golfkrigen, med bruk av presisjonsstyrde våpen, synte at statiske anlegg er langt meir sårbare enn ein trudde tidlegare. Det vert foreslått at prosjektet vert redusert med fire anlegg, det vil seie tre minefelt og eitt torpedobatteri, til tre minefelt og tre torpedobatteri. Torpedo- og mineanlegga på Visterøy og Herdla fort vert sluttførte, torpedobatteria ved Brettingen vert terminerte, og batteriet i Korshamn vert reetablert i Malangen. Minefeltet i Grøtsund vert sluttført, medan minefelta på Rauøy, Krossodden og i Mastrafjord vert terminerte.

C Herkules-130

Dei seks middelstunge transportfly av typen C Herkules-130 til Forsvaret er nærare 30 år gamle, og treng utskifting. Herculesflya har ofte vore brukte i fredsoperasjonar og i humanitær verksemd. Saman med sterkare vektlegging av mobilitet og fleksibilitet i forsvarsstrukturen i framtida, er det naudsynt å fornye materiellet. Det vil vere avgjerande at realiseringa av kjøpet ikkje skjer på kostnad av andre viktige strukturrelaterte prosjekt i Forsvaret. Kostnadene er rekna ut til å vere 2,6 milliardar kroner.

Joint Strike Fighter (JSF)

Noreg har skreve under ei samarbeidsavtale om å vere med i utviklingsprogrammet til den amerikanske Joint Strike Fighter (JSF). Avtalen er utarbeidd som eit samarbeid mellom USA, Danmark, Nederland og Noreg, og strekk seg førebels fram til 2001 med ei kostnadsramme på $ 10 millionar over 4 år.

Flysamlinga på Gardermoen

Ein ny flyhangar for den gjenverande flysamlinga på Gardermoen er rekna ut til å koste 51 millionar kroner. 15 millionar kroner vil bli dekka innanfor ramma av forsvarsbudsjettet, og 15 millionar kroner vil bli dekka innanfor avsetninga til Luftfartsverket sitt budsjett for grunnerverv og erstatningar til Forsvaret. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett vil Stortinget bli invitert til å løyve dei resterande 21 millionar kronene.

Riving av hangar D og to mindre bygningar som i dag huser flysamlinga, samt nyskaffinga av eit erstatningsbygg, vart opphavlege ikkje prosjektert inn i Forsvarets relokalisering Gardermoen. Oslo Hovudflyplass AS har seinare ynskt å frigjere området ved hangar D, og dette vert no mogeleg.

Elles vert det lagt fram fleire materiell- og bygg- og anleggsprosjekt for godkjenning eller endring.

Lagt inn 2 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen