Historisk arkiv

Auka torskekvotar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 50/96
5. november 1996

Auka torskekvotar

Fiskeridepartementet har bestemt at fartøy over 28 meter i torskefiske med konvensjonell reiskap frå 5.oktober kan fiske på maksimalkvotar som kjem i tillegg til fartøykvotane dei har frå før. Grunnen til dette er at fartøya under 28 meter i år ikkje fiskar heile gruppekvoten sin.

Maksimalkvotane for fartøya mellom 28 og 29 meter er på 65 tonn pr båt, og dei aukar stegvis til 74,1 tonn for fartøy over 34 meter. Fiskeridirektøren kan stogge det maksimalkvoteregulerte fisket når berekningar syner at totalkvoten vil bli oppfiska.

Lagt inn 4 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen