Historisk arkiv

Einingskvotar for torsketrålflåten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.46/96
11.oktober 1996

Einingskvotar for torsketrålflåten

Regjeringa har bestemt at det skal innførast einingskvotar for torsketrålflåten. Det inneber at det innanfor visse rammer vert høve til samanslåing av kvotar, mot at fartøyet ein hentar kvoten frå, vert teke ut av norsk fiske for godt. Den ekstra kvoten som attverande fartøy på denne måten får, kan behaldast i 13 år.

- Det ligg sterke distriktspolitiske bindingar i den ordninga vi no innfører, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen. - Det vert ikkje høve til samanslåingar slik at råstoff går ut av dei tre nordlegaste fylka, hverken for småtrålarar eller ferskfisk- og rundfrysetrålarar. Dessutan er Nord-Noreg delt i fleire regionar, der hovudregelen er at samanslåingar skal skje innan regionane. Som hovudregel skal det heller ikkje skje overføringar av kvotar mellom småtrålarar og fersk- og rundfrysetrålarar, dersom ikkje regionale omsyn eller omsynet til råstoffleveransar tilseier det. Det vert ikkje høve til å overføre kvotar frå dei andre trålargruppene til fabrikktrålarar. Fylkeskommunen skal høyrast når samanslåingar skjer, for å sikre at den distrikts- og regionalpolitiske dimensjon blir ivaretatt. I samband med samanslåing av trålarar, kan det også dersom det er nødvendig, bli stilt krav om levering til eit bestemt distrikt eller ei bestemt bedrift når dette er viktig for å sikre sysselsetting og busetting.

Tidlegare i år vart det innførd ei ordning med einingskvotar for den konsesjonspliktige ringnotflåten.

- Målet med ordningane, både for ringnot og for torsketrålarane, er å tilpasse kapasiteten i flåten til ressursane, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen. - Dette vil også auke lønsemda i flåten, slik at det vert lettare å fornye seg. Auka lønsemd hos dei attverande fartøya gjer det lettare å få til avløysarordningar for mannskapa, der dette ikkje allereie finst. Ordninga for torsketrålarane inneber at vi sikrar råstoffleveransar til landanlegga, og dermed kan bevare og trygge arbeidsplassane i særleg fiskeriavhengige område, seier fiskeriministeren.

Ordninga kan nyttast av reiarlag som har fleire fartøy, reiarlag som slår seg saman, og ho kan nyttast av samarbeidande reiarlag. Vilkåret for å få tildelt ein einingskvote er at fartøyet ein hentar kvoten frå vert teke ut av norsk fiske for godt, og at ein gjev frå seg alle konsesjonar på dette fartøyet. Dersom distriktspolitiske omsyn talar for, kan likevel tilleggskonsesjonar behaldast på det attverande fartøyet. Ein kan dele kvoten frå fartøyet ein tek ut av fiske på fleire andre fartøy.

Ein einingskvote tilsvarar ein stortrålarkvote. Det vert sett ei øvre grense for kor stor kvote eit einskild fartøy kan ha. Ein stortrålar kan ikkje disponere meir enn to einingskvotar, ein småtrålar ikkje meir enn 1,1 einingskvote. Eit reiarlag, ei samanslutning eller fleire samarbeidande reiarlag kan ikkje disponere meir enn ni einingskvotar. Fiskeridepartementet arbeider samtidig med endringar i det generelle regelverket for å kunne forhindre større eigarkonsentrasjonar i torsketrålflåten.

Forskrifta om einingskvoteordninga for trålarflåten trer i kraft frå årsskiftet. Det er muleg å søkje på ordninga fram til 1. januar 1999.

Lagt inn 4 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen