Historisk arkiv

Fiskeflåten får tilgang på alle SND sine verkemiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 58/96
22. november 1996

Fiskeflåten får tilgang på alle SND sine verkemiddel

Regjeringa la fredag fram forslag for Stortinget om integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) frå 1. januar 1997. Integrasjonen vil føre til at fiskeflåten får tilgang på dei same verkemidla som anna næringsliv, noko som inneber eit meir heilskapleg og breiare verkemiddelspekter. Fiskeridepartementet vil gje eigne fiskeripolitiske retningsliner for verkemiddelbruken i flåte, industri og oppdrett. Administreringa av fiskeri- og oppdrettssakene i SND vil bli samordna av ei eiga fiskerieining i SND sin sentrale administrasjon. Denne fiskerieininga vil ha det praktiske ansvaret for at fiskerisakene i SND blir behandla i samsvar med retningslinene og styringssignala frå Fiskeridepartementet.

Fiskeflåten får gjennom integrasjonen tilgang på alle dei landsdekkjande og distriktsretta verkemidla i SND, også distriktsretta investeringstilskott. Dette inneber at fiskeflåten får tilgang på dei same verkemidla som industrien på land.

  • Det at fiskeflåten nå også får tilgang til distriktsrettede investeringstilskudd er den viktigste fiskeripolitiske nyvinning på lang tid, seier fiskeriminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
  • Sammenslutninga av Statens Fiskarbank og SND betyr også at vi kan få en bedre koordinering av virkemidlene mellom flåte, industri og oppdrett, seier Schjøtt-Pedersen.

Fiskarbanken har i dag kontor i Bergen (hovudkontor), Ålesund, Bodø og Tromsø. SND har regionkontor i dei same byane med unntak av Tromsø. Etter integrasjonen skal det skipast eit nytt SND-kontor i Tromsø, medan Fiskarbanken sine kontor i dei andre byane blir slått saman med SND sine regionkontor.

Regjeringa meiner mykje talar for at handsaminga av flåtesaker bør avgrensast til eit fåtal kontor med spesifikk og solid flåtekompetanse. Ein gjer derfor framlegg om at handsaminga av desse sakene i ein overgangsperiode skal leggjast til dei kontora som får overført personale frå Fiskarbanken. Til kvart av desse kontora vil det bli oppretta eigne rådgjevande utval med representantar frå fylkeskommunane og fiskeriorganisasjonane.

Verkemiddel for flåten etter integrasjonen

Gjennom integrasjonen vil fiskeflåten få tilgang til heile det landsdekkjande verkemiddelapparatet i SND. Flåten skal også få tilgang til dei distriktsretta verkemidla etter visse vilkår. Fram til 1.7.97 vil all støtte til fysiske investeringar i flåten bli kanalisert gjennom ei vidareføring av gjeldande ordning med kontraheringstilskott. Frå 1.7. 97 vil flåten få tilgang på dei distriktsretta investeringstilskotta som eit supplement til kontraheringstilskottet.

For dei prosjekta som gjeld nybygging eller ombygging stiller ein krav om at dei skal ha fått innvilga kontraheringstilskott før dei får tilgang til dei distriktsretta risikolåna. For å få innvilga distriktsretta investeringstilskott må prosjektet også ha fått kontraheringstilskott først, slik at investeringstilskottet blir eit supplement ut frå distriktspolitiske kriteria.

Forholdet til dei tilsette i Statens Fiskarbank

Det har gjennom heile førebuinga av integrasjonen vore ei sentral forutsetning at interessene og kompetansen til dei tilsette i Statens Fiskarbank skal takast vel vare på i samband med omorganiseringa. Alle tilsette i Fiskarbanken vil derfor gå inn som tilsette i SND frå integrasjonstidspunktet.

Dei tilsette i Fiskarbanken er i dag statstenestemenn. I samband med at dei no går inn som tilsette i SND, vil dei ha førerett til anna statsstilling og rett til venteløn i ein avgrensa periode på tre år frå integrasjonstidspunktet. Tilsette som vel å ikkje gå over i ny jobb i SND får ikkje venteløn, men får førerett til ny statsstilling i inntil eitt år frå integrasjonstidspunktet. For dei av Fiskarbanken sine tilsette som nærmar seg pensjonsalder har ein lagt inn eit tilbod om at dei kan søkje om førtidspensjonering.

Lagt inn 22 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen