Historisk arkiv

Meir sild til trålarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.51/96
8. november 1996

Meir sild til trålarane

Fiskeridepartementet har refordelt 2.600 tonn norsk vårgytande sild innanfor trålgruppa, noko som inneber ein auke i maksimalkvoten for deltakande fartøy på ca. 10 prosent.

Fartøya kan ikkje starte fisket på den særskilt refordelte maksimalkvoten før den ordinære kvoten er teken. Fiskeridirektøren kan stogge fisket på det refordelte kvantumet når det er berekna oppfiska.

Den refordelte maksimalkvoten er på 50 tonn for fartøy med bruttotonnasje under 100, og aukar stegvis til 100 tonn for fartøy med bruttotonnasje på 300 og over.

Lagt inn 4 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen