Historisk arkiv

Regulering av fritidsfiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 29/96
28. juni 1996

Regulering av fritidsfiske

Regjeringa gjer framlegg om at det skal innførast ein eigen heimel i saltvassfiskelova for regulering av fritidsfiske.

Fritidsfisket har hittil, med nokre unntak, vore lite regulert. Også for fritidsfiske gjeld generelle reglar om minstemål, utkast og helgefreding, og nord for 62. breiddegrad har det sidan 1990 vore strenge reguleringar av fritidsfiske etter torsk, hyse og rognkjeks. Sildefisket er strengt regulert langs heile kysten, medan det elles sør for 62. graden nærast har vore fritt fritidsfiske.

Eit fritidsfiskeutval har vurdert framtidig regulering, og framlegga frå utvalet vil ligge til grunn for dei reguleringane som Fiskeridepartementet tek sikte på å innføre gjennom ei eiga, landsomfattande forskrift, når Stortinget har handsama spørsmålet om ny lovheimel.

Utvalet går inn for at ein innfører reiskapsavgrensing i alt fritidsfiske, og at det som hovudregel vert tillete å bruke inntil 210 meter garn, liner med inntil 300 anglar og inntil 10 teiner eller ruser, dessutan handsnøre og fiskestang. I utvalet og i høyringsinnstansane er det semje om at not, trål, snurrevad og motordriven juksa og dorg o.l. som hovudregel skal vere forbode.

Lagt inn 4 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen